The Sicilian Defence er det tolvte studioalbumet til The Alan Parsons Project, gjeve ut i 2014. Det er kalla opp etter siciliansk forsvar, ei kjend sjakkopning.
Dette var det siste Alan Parsons Project-albumet som kom ut, 24 år etter bandet vart oppløyst. Det vart opphavleg spelt inn i 1979, men var ikkje meint for utgjeving. Bandet sendte det til selskapet sitt, Arista, som eit slags «sjakktrekk», sidan dei meinte dei ikkje fekk nok tid til å lage eit nytt album medan Eric Woolfson forhandla om kontrakten deira, men likevel var kontraktfesta til å levere eit nytt album. Albumet inneheld derfor mest uferdige skisser som aldri vart utarbeidd til ferdige songar. «Kt-KB3» var det første sporet som kom ut frå albumet, då «Elsie's Theme» var med på den ommastra utgåva av Eve i 2008. Det var derfor det einaste sporet på albumet som hadde eit formelt namn som ikkje var knytt til eit sjakktrekk. Titlane på spora følgjer ein særskild variant av denne sjakkopninga.
Innhald Alle spora komponerte av Eric Woolfson.
Medverkande Alan Parsons – klaverinstrument, synthesizer, programmering, produsent, lydteknikar Eric Woolfson - piano
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Sicilian Defence (album)» frå , den 4. april 2020.
Kategori:The Alan Parsons Project-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Musikkalbum frå 2014 Kategori:Album produserte av Alan Parsons Kategori:Arista Records-album