høgre|mini|Utsyn over Deccantrappene frå Matheran i Maharashtra i India høgre|mini|Deccantrappene som ein mørkelila flekk i India på eit geologisk verdskart. mini|Deccantrappene nær Matheran, aust for Mumbai. mini|Deccantrappene nær Pune Deccantrappene er eit stort område av vulkanske bergartar på Deccanplatået i vestlege sentrale India (mellom 17°-24°N, 73°-74°E) og eit av de største vulkanske områda på jorda. Trappene består av fleire lag stivna basalt som saman målar over 2 000 meter i høgd, dekkjer ei yte av 500 000 kvadratkilometer og utgjer eit volum på 512 000 kubikkkilometer. Nemninga «trapper» viser til dei trappliknande åsane som kjenneteikner regionen.
Historie Deccantrappene blei danna gjennom ei rekkje vulkanutbrot for mellom 60 og 68 millionar år sidanSheth, Hetu C. "The Deccan Beyond the Plume Hypothesis." MantlePlumes.org, 2006. i slutten av krittida. Dei fleste vulkanutbrota fann stad ved Dei vestlege Ghatfjella (nær Mumbai) for 65 millionar år sidan. Denne meir intensive rekkja utbrot kan ha vara i mindre enn 30 000 år."India's Smoking Gun: Dino-killing Eruptions." ScienceDaily, 10 August 2005.
Den opphavlege yta som blei dekt av lavaflaumane blir rekna for å ha vore så stor som 1,5 millionar kvadratkilometer, cirka halvdelen av yta til det moderne landet India. Seinare blei Deccantrappene reduserte til den noverande utstrekkinga si gjennom erosjon og platetektonikk. Den noverande utbreiinga av direkte synlege lavastein er på kring 512 000 kvadratkilometer.
Effekt på klima og miljø Utsleppet av vulkanske gassar, særleg svoveldioksid, under danninga av trappene bidrog til klimaendringar. Tilgjengelege data peikar på ein gjennomsnittleg temperaturreduksjon på 2 grader C i denne perioden.Royer, D. L., Berner, R. A., Montañez, I. P., Tabor, N. J., Beerling, D. J., 2004, "CO2 as a primary driver of Phanerozoic climate", GSA Today, v. 14, pp.4-10, ISSN 1052-5173
På grunn av storleiken til området har forskarar spekulert i om gassane som slapp ut då Deccantrappane blei danna spela ei rolle i krit-tertiær-utryddinga, som inkluderte massutdøyinga av dei store dinosaurane. Ei plutseleg avkjøling av jordoverflata på grunn av svovelhaldige vulkanske gassar kan ha bidratt til denne massedøden. I dag er likevel dei fleste forskarar samde om at masseutryddinga var forårsaka av meteorittnedslaget i Chicxulub i Mellom-Amerika, som skal ha produsert ei solblokkerande støvsky som førte til ein nedgang i den globale temperaturen.
Kjemisk samansetjing I Deccantrappene er minst 95 % av lavaen danna av tholeiitisk basalt, men det finst òg andre bergartar, som:
Alkaliske basalt Nefelinitt Lamprofyr Karbonatitt
Xenolittar frå mantelen er blitt skildra i Kachchh (nordvestlege India) og i vestlege Deccan.
Fossil Deccantrappene er kjende for fossilsenger som er blitt funne mellom lavalaga. Særleg kjende artar er frosken Oxyglossus pusillus (Owen) frå indisk eocen og tannfrosken Indobatrachus, ei tidleg slekt av moderne froskar som i dag er plassert i den australske familien Myobatrachidae. Det finst også fossil av ferskvassmuslingar.Noble, Gladwyn Kingsley, "The Fossil Frogs of the Intertrappean Beds of Bombay, India." American Museum of Natural History, Volume 401, 1930.Hartman, J.H., Mohabey, D.M., Bingle, M., Scholz, H., Bajpai, S., and Sharma, R., 2006, Initial survivorship of nonmarine molluscan faunas in end-Cretaceous Deccan intertrappean strata, India: Geological Society of America (annual meeting, Philadelphia) Abstracts with Programs, v. 38, no. 7, p. 143.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Deccantrapporna» frå , den 28. mars 2020.
Kategori:Basalt Kategori:Indisk geografi Kategori:Indisk geologi Kategori:Platetektonikk