Jiang Zemin () var ein kinesisk statsleiar, fødd i Yangzhou i Jiangsu. Han var president i Folkerepublikken Kina frå 1993 til 2003.

Jiang utdanna seg til elektroingeniør. Perioden 1985-89 var han sjef for Kinas kommunistiske parti i Shanghai, medlem av politbyrået i partiet frå 1987. Etter massakrane i Beijing i 1989 tok han over som generalsekretær i KKP, straks etter også formann i militærkommisjonen i Kina. Den 27. mars 1993 vald til president i folkerepublikken, i 1998 attvald for ein ny femårsperiode.

Jiang fremja omfattande økonomiske reformar som førte til sterk vekst i den industrielle produksjonen. Derimot motsette han seg reformar på det politiske feltet. Han vart avløyst som president av Hu Jintao i mars 2003.

Jiang vitja Noreg i 1996.

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Kinesiske politikarar Kategori:Kinesiske presidentar Kategori:Kommunistiske politikarar