Ismailia er ein egyptisk by som ligg på vestbreidda av Suezkanalen og er provinshovudstad i Ismailia guvernement. Han ligg ved saltsjøen Timsah, ein av Bittersjøane, midt mellom Port Said i nord og Suez i sør og 120 kilometer nordaust for Kairo. Byen hadde eit folketal på 293 184 innbyggjarar i 2006, rekna til 386 372 i 2017. «Al-Ismā'īliyah (Ismaïlia)», City Population

mini|venstre|Ismailia jernbanestasjon Byen blei grunnlagd i 1863 av den franske ingeniøren Ferdinand de Lesseps med namnet Timsah. Kort tid seinare fekk han namn etter den egyptiske visekongen Ismail Pasja.

Ismailia er forbunde med Kairo av ein over 128 kilometer lang seglbar ferskvasskanal, den såkalla Ismailia-kanalen. I nærleiken av byen ligg El-Ferdan-brua, verdas lengste svingbru, «El Ferdan Swing Bridge», Structurae. Nicolas Janberg Internet Content Services. 1998–2011. med eit strekk på 340 meter. Brua er ikkje lenger verksam grunna utvidinga av kanalen.

Ismailia krigskyrkjegard blei utforma i 1919 av den skotske arkitekten Robert Lorimer.«Robert Lorimer» , Dictionary of Scottish Architects

I løpet av andre verdskrigen hadde Storbritannia ein flybase her. Slaget ved Romani mellom egyptiske og israelske styrkar fann stad i nærleiken mellom 18. og 22. oktober 1973. Anderson, Raymond H. (30.desember 1973): 5‐Hour Battle is Reported On Egyptian‐Israeli Front, New York Times

Sidan 1976 har byen husa Suezkanalen-universitetet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ismailia» frå , den 22. mars 2020.

Kategori:Byar i Egypt