mini|Berbarområde i Nord-Afrika (farga på kartet) Berbarar er eit folkeslag frå nordre delen av Afrika som snakkar berbarspråk. Namnet «berbar» kjem frå det arabiske ordet barbar, som kan ha samanheng med nemninga barbar frå gresk. Folket sjølv kallar seg helst amazigh, fleirtal imazighen, som tyder ‘frie menn’, og dei ser på nemninga «berbar» som nedsettandeN. Kahina, Free People: The Imazighen of North Africa, Independent uncompromising indigenous, 12/3-2013..
Berbarar er tradisjonelt nomadefolk. Dei oppstod som folkegruppe i Aust-Afrika for over 10 000 år sidan, og er slik eit urfolk i Nord-Afrika. På 600-talet og 1100-talet blei berbarane fortrengde av innvandrande arabarar, og har sidan stort sett hatt tilhald i fjell- og ørkenområda nord i Afrika.
Kjende berbarar Ibn Battuta, reiseforfattar i mellomalderen Zinedine Zidane, fransk fotballspelar
Galleri
Referansar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Berbere» frå , den 4. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afrikanske folkegrupper Kategori:Eksonym for folkegrupper
