mini|Glyndebourne operahus. Glyndebourne Festival Opera eller berre Glyndebourne er ein britisk operafestival som finn stad ved Glyndebourne, eit gods utanfor Lewes i East Sussex i England.
Sidan selskapet blei skipa har Glyndebourne særleg blitt kjend for produksjonar av Mozart sine operaer. Fleire opptak av historiske oppføringar av Mozart ved Glyndebourne er blitt gjevne ut. Andre kjende produksjons er Porgy and Bess, av George Gershwin på 1980-talet, regissert av Trevor Nunn og sidan teke ut frå Glyndebourne og filma for fjernsyn i 1993. I tillegg til verk av Mozart har repertoaret ved selskapet oppføt operaer av Janáček og Händel.
mini|venstre|Publikum ved festivalen i 2006.
Festivalen blei skipa av familien Christie, som har stått for arrangementet kvart år sidan 1934, bortsett frå krigsåra 1941–45 og i 1993, då konserthuset blei ombygd. Gus Christie, son av sir George Christie og soneson av festivalgrunnleggjaren John Christie, blei formann for festivalen i 2000. I januar 2014 blei Robin Ticciati den sjuande musikalske leiaren for verksemda.
Hovudorkesteret for Glyndebourne-festivalen er London Philharmonic Orchestra, som har hatt stillinga sidan 1964. Festivalen er også knytt til Orchestra of the Age of Enlightenment.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Glyndebourne Festival Opera» frå , den 8. mars 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkfestivalar i Storbritannia Kategori:Operafestivalar Kategori:East Sussex