Richard Allen Grenell () er ein amerikansk politisk kommentator og diplomat. Han var amerikansk ambassadør i Tyskland frå 2018 til 2020. I 2020 fungerte han som etterretningsdirektør (Director of National Intelligence) i Regjeringa Donald Trump frå februar til mai. Han gjekk formelt av som ambassadør 1. juni 2020.
Richard Grenell høyrer til Det republikanske partiet. Han har mastergrad i offentleg administrasjon frå John F. Kennedy School of Government ved Harvard University og bachelor i offentleg administrasjon frå Evangel University. Han har tidlegare arbeidd ved Fox News.
Grenell var pressetalsmann for ambassadøren for USA til FN frå 2001 til 2008. Han vart i 2017 utnemnd som ambassadøren for USA til Tyskland.
I eit intervju med internettportalen Breitbart uttalte Grenell i 2017 at han ønskte å styrke konservative krefter i Europa. Stønaden skulle gå til politikarar som Sebastian Kurz, men ikkje Angela Merkel, som han meinte stod for ein mislukka innvandringspolitikk.
Kjelder
Kategori:Folk frå Muskegon Kategori:USA-amerikanske ambassadørar