mini|Gongong i Don An-tempelet i Si Phan Don i Laos.
Gong, gongong eller tam-tam er eit slaginstrument av asiatisk opphav. Det er laga av ei rund metallplate med oppbøgd kant som er hengd opp i eit stativ. Denne blir slått i sentrum med ei lêr- eller gummikledd klubbe. Gongongar kan ha mange ulike storleikar og former.
mini|venstre|Gongong frå javanesisk-balinesisk gamelantradison.
I asiatisk tradisjon har ein brukt gongong som musikkinstrument, ved kulthandlingar, som signalinstrument og anna. I India, Kina og Indonesia kan ein bruka fleire nøyaktig avstemde gongongar saman til gongspel. Dette er til dømes del av indonesisk gamelanmusikk.
Ein har brukt gongong i europeisk orkestermusikk sidan 1700-talet. Dei har også vore brukt som signalinstrument. «Gong» eller «gongong» har kome til norsk gjennom engelsk frå malayisk.
Kjelder
Kategori:Idiofonar Kategori:Bruneiske musikkinstrument Kategori:Indonesiske musikkinstrument Kategori:Japanske musikkinstrument Kategori:Kinesiske musikkinstrument Kategori:Koreanske musikkinstrument Kategori:Laotiske musikkinstrument Kategori:Malaysiske musikkinstrument Kategori:Tibetanske musikkinstrument