Pac-Man er eit arkadespel utvikla av Toru Iwatani og gjeve ut av Namco og Midway Games i 1980. Det blei opphavleg gjeve ut i Japan som PUCKMAN i mai 1980, og kom ut i USA i oktober same året som Pac-Man.
Spelet blei svært populært, og blei ein forløpar for enkle spel eller casual games. Saman med Space Invaders blei det eit tidleg dataspel med brei kommersiell suksess, og blei del av populærkulturen.
I spelet styrer spelaren ein gul sirkel med munn. Denne går rundt i ein labyrint og et dottar og premiar som han kjem over. Samtidig prøver fire spøkjelse å fange han. Når ein et premiane er det Pac-Man som jagar spøkjelsa ei kort stund. Ein skårer poeng ved å eta, og målet er å eta opp alle dottane på brettet. Den opphavlege utgåva av spelet hadde berre eitt brett.
Pac-Man blei det bestseljande spelet til Atari 2600 med sju millionar selde einingar.Buchanan, Levi (26. august 2008): «Top 10 Best-Selling Atari 2600 Games». IGN.
Oppfølgjarar Det er seinare gjeve ut over 30 offisielle Pac-Man-spel. Ms. Pac-Man kom ut i 1981 og Baby Pac-Man i 1982.
I 1999 blei PS/GBA-spelet PacMan World gjeve ut i høve 20-årsjubileet til spelet. Dette spelet fekk to oppfølgjarar, Pac-Man World 2 frå 2002 og 25-årsjubileumsspelet Pac-Man World 3 frå 2005 som ein populær klassikar. Til Pac-Man sin 30-årsdag kom Pac-Man Party, der ein også kunne spela klassikarar som Dig-Dug.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pac-Man» frå , den 8. februar 2020.
Bakgrunnsstoff Spel den opphavlege versjonen på nettet The Pac-Man Dossier – detaljar om Pac-Man
Kategori:Arkadespel Kategori:Dataspel frå 1980 Kategori:ZX Spectrum-spel Kategori:NES-spel Kategori:Virtual Console-spel Kategori:Atari 2600-spel