Terje Formoe () er ein norsk låtskrivar og forfattar. Han starta som visesongar, platedebuterte i 1975 og har skrive tekstar for ei rekke norske artistar. Formoe er særleg kjend som skaparen av Kaptein Sabeltann, ein oppdikta sjørøvar som vart presentert i ein sommarmusikal for born i 1990.

I 2025 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen hans innan «kultur og innovasjon.»

Bakgrunn Formoe er utdanna lærar. Han starta artistkarrieren som visesongar, og den første plata hans kom i 1975. Han arbeidde som marknads- og underhaldningssjef i Kristiansand Dyrepark frå 1984–94. Der framførte han eigne, musikalske familieforestillingar kvar sommar, mellom anna Vår dyreverden og dei populære sjørøvar-forestillingane med Kaptein Sabeltann frå 1990.

Terje Formoe har utgjeve ei rekke plater for born, først og fremst med musikken frå forestillingane om Kaptein Sabeltann, men også Livet er toppen! frå 1983 som inneheldt den kjende «Juliussangen». Formoe har også laga familieforestillinga Kjell Pell Pottitskrell i 1996 og utgjeve viseplata Umaskert i 2003. Mest kjend er han likevel for rollefiguren Kaptein Sabeltann, ein skikkelse som har vorte ein stor kommersiell suksess. Arbeidet med Sabeltann gav han Kardemommestipendiet i 1992, og det resulterte i Spellemannprisen 1994 i klassen «barneplater» for albumet Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga. Han vart nominert til Spellemannprisen 2014 for albumet Den blå planeten.

Terje Formoe er dagleg leiar og styreleiar i Kaptein Sabeltann AS. Omsetningen i 2005 var på nesten 7 millionar kroner og resultatet nesten to millionar. Terje Formoe er også styremedlem i Piratprodukter AS, der han eig 51 prosent av aksjene. Piratprodukter hadde over 25 millioner kroner i omsetning i 2006.

Terje Formoe er bror til målaren Erik Formoe og far til skodespelaren Janne Formoe. Han bur og arbeider i Kristiansand.

Utgjevingar Musikk Soloalbum Beske ballader og blidgjort blues (1975) Scenespill (1980) Livet er toppen! (1983) Til Donald (1987) Hipp Hurra for Dyreparken (1991) Ville venner og Sabeltenner (1995) Umaskert (2001) Et sted under stjernene (2011) Den blå planeten (2014) Timeglass (2015) Hjemvendt (2017) Minnebrikker (2018)

Kaptein Sabeltann-album 1992: Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga 1994: Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga 1995: Ville venner og Sabeltenner 1996: Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant 1997: Syng med og syng selv 1998: Kaptein Sabeltanns verden, dobbel samleplate 1999: Kaptein Sabeltann og den forheksede øya 2000: Kaptein Sabeltann og den forheksede øya, lydbok-versjon 2002: Kaptein Sabeltann og Sultanens skatt 2002: Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant, ny versjon 2003: Kaptein Sabeltann, filmmusikk 2004: Syng med og syng selv II 2006: Hiv o'hoi! : Kaptein Sabeltanns favoritter, musikk 2009: Kaptein Sabeltann og den forheksede øya (2009-album), ny versjon dobbel-CD 2009: Kaptein Sabeltann skattekiste - Jubileumsboks, jubileums med 6 cd-er 2010: Kaptein Sabeltann og Grusomme Gabriels Skatt, dobbel-CD 2010: Kaptein Sabeltann og Havets Hemmelighet 2012: Kaptein Sabeltanns gull 2012: Kaptein Sabeltann i Abra Havn 2013: Kaptein Sabeltann: Enda mer gull! 2015: Kaptein Sabeltann og Jakten på Den Magiske Diamant 2016: Kaptein Sabeltann og Den Forheksede Øya. Sangene 2018: Kaptein Sabeltann og Grusomme Gabriels skatt. Sangene 2018: Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant 2020: Kaptein Sabeltann og Havets Hemmelighet. Sangene

Filmar 1993: Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga, VHS 1995: Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga, VHS og DVD 1998: Drømmen om Kaptein Sabeltanns rike, VHS, utgjeve på DVD (optisk videoplate) i 2001 2000: Kaptein Sabeltann og den forheksede øya, VHS og DVD 2002: Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant, VHS og DVD 2003: Kaptein Sabeltann, heilaftens tegnefilm med regi av Stig Bergqvist, seinare utgjeve på DVD 2005: Kaptein Sabeltann og grusomme Gabriels skatt, DVD, filmversjonen av forestillinga som vart spelt i Dyreparken i Kristiansand sommaren 2004 og 2005 2009: Kaptein Sabeltann og den forheksede øya (DVD) 2014: Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama (DVD og Blu-ray) 2019: Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant, heilaftens teiknefilm med regi av Qvisten Animation AS, i 2020 januar utgjeve på DVD

Dataspel 1997: Kaptein Sabeltann og den store ildprøven, CD-rom, regi ved Simen Svale Skogsrud 2004: Kaptein Sabeltann, CD-rom, produsert av Pan Vision i Stockholm, basert på figurane til Terje Formoe 2007: Kaptein Sabeltann og Grusomme Gabriels forbannelse

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske visesongarar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen