mini|Norden i blått. Island, Grønland og Færøyane er medlemmar av Vestnordisk Råd. Vestnordisk Råd (færøysk Útnorðurráðið, islandsk Vestnorræna ráðið, grønlandsk Nunat Avannarliit Killiit Siunnersuisoqatigiiffiat) er eit parlamentarisk samarbeidsorgan i Vest-Norden, altså Island, Grønland og Færøyane. Det har som føremål å samarbeida om vestnordiske interesser, og å gå saman om å verna ressurar og kultur frå Nordatlanteren.https://www.vestnordisk.is/om-vestnordisk-rad/ Rådet samarbeider tett med Nordisk råd.

Vestnordisk råd byrja som Vest-Nordens parlamentariske samarbeidsråd i 1985, og fekk det noverende namnet sitt i 1997. Årsmøta blir haldne vekselvis i dei tre medlemslanda. Rådet er leia av presidentskapet, som består av formannen og ein nestformann frå kvar av dei to andre delegasjonane. Formannskapet i rådet vekslar mellom medlemslanda.

Vestnordisk Råd held møter og konferansar, og går inn i prosjekt det reknar for viktige i høve til arbeidsfeltet sitt. Det markerer vestnordisk dag årleg den 23. september.

I 1999 bestemte Vestnordisk Råd seg for å oppretta ein litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur frå vestnordiske land. Prisen blei utdelt første gong i august 2002, og heiter på dansk .

Medlemsland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vestnordisk råd» frå , den 4. februar 2020.

Bakgrunnsstoff Vestnordisk Råd

Kategori:Nordiske organisasjonar Kategori:Islandsk politikk Kategori:Færøysk politikk Kategori:Grønlandsk politikk Kategori:Skipingar i 1985