The Amazing World of Gumball (norsk tittel: Gumballs fantastiske verden) er ein britisk-amerikansk animert komiserie skapt av Ben Bocquelet for Cartoon Network. Serien er hovudsakleg produsert av Cartoon Network Studios Europe og hadde premiere 3. mai 2011. Han handlar om livet til tolvåringen Gumball Watterson, ein blå katt, og adoptivbroren og bestevennen hans Darwin, ein gullfisk. Dei bur i den fiktive byen Elmore og blir ofte involverte i påfunn rundt omkring i byen, medan dei samhandlar med familiemedlemmane sine; veslesystera Anais, mora Nicole og faren Richard, i tillegg til fleire andre rollefigurar.
Eit markant særtrekk med serien er det visuelle stilistiske mangfaldet. Figurane er designa, filma og animerte ved bruk av fleire ulike stilar og teknikkar, mellom anna tradisjonell animasjon, dokketeater, CGI, stop-motion og realfilm.
Serien har tidlegare vore vist på NRK Super.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske fjernsynsseriar Kategori:Cartoon Network Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar