Kirsebærplomme (Prunus cerasifera) er eit tre i kirsebærslekta, i slekt med hegg, kirsebær og morell. Treet blir 2-6 meter høgt og dannar ei steinfrukt.

mini|venstre|Frukter Det har ofte tornar. Nye årsskot er snaue og glatte med grøn farge. Blada på 4-8 cm er omvendt eggrunde, spisse og svakt tanna og med unnselege hår langs nervene på undersida. Dei 1-3 blomane på snaue skaft luktar godt og spring normalt ut før blada er vaksne ut. Frukta er 2-3 cm, rund og i variantar av gul-raud-brun. Frukta kan etast av menneske og er søt på smak.

Kirsebærplomme stammar frå Søraust-EuropaAltervista Flora Italiana, Prunus cerasifera Ehrh. includes photos and European distribution map og Vest-Asia.UConn Horticulture Flora of China, Prunus cerasifera Ehrhart, 1789. 樱桃李 ying tao li

Kirsebærplomme blomstrar gjerne i mars-april. Han er ein populær prydplante som blir planta i hagar og parkar, og har mange kultivarformer.

Treet finst innført ei rekkje stader i verda. I Noreg kan ein finna det gjenståande frå park- og hageanlegg. På Dei britiske øyane og nokre stader i Nord-Amerika finst det spreidd i naturen.Flora of North America, Prunus cerasifera Ehrhart, 1784. Cherry plum, myrobalan

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirsebærplomme» frå , den 29. januar 2020. oppgav desse kjeldene:  

Lid, Johannes og Dagny Tande, Norsk flora, versjon 2007, 7.utgaven. ISBN 978-82-521-6029-1. Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk red.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.

Kategori:Kirsebærslekta Kategori:Steinfrukt Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Prydtre