mini|Inngangen til Barne- og familiedepartementet m.fl. i Oslo.
Barne- og familiedepartementet (BFD) er eit norsk departement som arbeider med spørsmål som gjeld oppveksten til barn og unge og levekår, familiar, kyrkjesaker, religion og livssyn, og forbrukarpolitikk.
Barne- og familiedepartementet blei oppretta i 1956 som Familie- og forbrukardepartementet, og har hatt ei rekkje namn gjennom tidene. Dagens namn blei teke i bruk i 1991 og på nytt i 2019 då Kjell Ingolf Ropstad blei barne- og familieminister, medan likestillingssaker blei flytte til Kulturdepartementet. Samstundes blei ansvaret for kyrkjesaker og andre religions- og livssynsspørsmål flytte fra Kulturdepartementet til Barne- og familiedepartementet.
Historie Barne- og familiedepartementet blei etablert 21. desember 1956 under namnet Familie- og forbrukardepartementet. I 1972 blei departementet slått saman med Lønns- og prisdepartementet til Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, og overtok saksfelt frå enkelte andre departement.
Den 1. januar 1990 blei Familie- og forbrukardepartementet oppretta att som eige departement og fekk overført saksområde frå Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Sosialdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet (SFT) og Kulturdepartementet.
Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver gjennom tidene:
Familie- og forbrukardepartementet (1956–1972 og 1990) Barne- og familiedepartementet (1991–2005) Barne- og likestillingsdepartementet (2006–2009) Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2010–2016) Barne- og likestillingsdepartementet (2016–2019) Barne- og familiedepartementet (2019–)
I 2019 fekk departementet overført ansvaret for kyrkjesaker og andre religions- og livssynspørsmål, medan likestillingssaker blei flytte til Kulturdepartementet. Gjennom å ha fått ansvaret for kyrkjesaker er departementet frå 2019 ein av to etterfølgjarar (saman med Kunnskapsdepartementet) etter Kyrkje- og undervisningsdepartementet, oppretta i 1814 som Noregs eldste department.
Organisasjon Avdelingar Departementet har fire avdelingar:
Barne- og ungdomsavdeling Samlivs- og likestillingsavdeling Forbrukaravdeling Plan- og administrasjonsavdeling
Underliggande etatar Barneombodet Barne-, ungdoms- og familieetaten Fordelingsutvalet Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker Likestillingsombodet Likestillingsenteret Forbrukarombodet Forbrukarrådet Forbrukartvistutvalet Statens institutt for forbruksforsking Marknadsrådet Edelmetallkontrollen Stiftelsen miljømerking
Politisk leiing Lene Vågslid frå Arbeidarpartiet er barne- og familieminister sidan 4. februar 2025.
Før dette var hadde den same regjeringa Linda Hofstad Helleland frå Høgre som barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister i perioden 2018–2019, og Solveig Horne frå Framstegspartiet som barne-, likestillings- og inkluderingsminister i perioden 2013–2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske departement Kategori:Barndom i Noreg