Bibcode er ein identifikator brukt av ei rekkje astronomiske datasystem for å spesifiera litteraturreferansar. Bibcode blei utviklet for bruk i SIMBAD og NASA/IPAC Extragalactic Database (NED), men er no meir utbreidd i bruk – for eksempel i NASA sitt Astrophysics Data System. Koden har ei fastlagd lengd på 19 teikn og har denne forma: YYYYJJJJJVVVVMPPPPA der YYYY er årstalet for referansen og JJJJJ er ein kode som indikerer kvar referansen blei publisert. I tilfellet med ein artikkelreferanse er VVVV bandnummeret, M indikerer seksjonen i artikkelen der referansen blei bublisert (for eksempel B for ein bokstavseksjon), PPPP viser startsiden og A er den første bokstaven i etternamnet til den første forfattaren. Punktum (.) blir brukt for å fylla ubrukte felt og for å få felta til å bli den fastlagde lengda om koden er for kort. Dette gjer ein til høgre for publikasjonskoden og til venstre for band- og sidenummera.
Nokre kodedøme: Bibcode Referanse 1974AJ.....79..819H 1924MNRAS..84..308E 1970ApJ...161L..77K
Sjå òg Digital object identifier
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bibcode» frå , den 23. januar 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elektroniske dokument Kategori:Identifikatorar Kategori:Astronomi