Bjørnafjorden kommune er ein kommune i Vestland fylke som vart skipa den 1. januar 2020, då dei tidlegare kommunane Os og Fusa slo seg saman.Forskrift om sammenslåing av Fusa kommune og Os kommune til Bjørnafjorden kommune, Hordaland. Henta den 6.1.2020. Bjørnafjorden grensar til Bergen og Samnanger i nord, Kvam i aust, Kvinnherad og Tysnes i sør og Austevoll i vest.

Personar som kjem frå Bjørnafjorden kommune, blir kalla for bjørnafjordingar.

Geografi Kommunen ligg nord for hovudarmen av Bjørnafjorden. Fusafjorden, som etter kvart deler seg i Eikelandsfjorden, Ådlandsfjorden og Samnangerfjorden, deler kommunen i ein austleg og ein vestleg del.

Bjørnafjorden kommune har ei kystline på 355,3 km.

Det høgste fjellet i kommunen er Tveitakvitingen på grensa til Samnanger og Kvam, som strekkjer seg 1299 meter over havet. Skogseidvatnet aust i kommunen er den største innsjøen i areal.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Vestland Kategori:Norske kommunar skipa i 2020