Molvikelva (nordsamisk Stuorrajohka, i øvre løp Skierrevárjohka) er ei elv i Berlevåg kommune i Finnmark. Ho har utspringet sitt på nordaustsida av fjellet Baikačearru. Elva renn først mot nord, men vest for Sløketoppen snur ho mot vest-sørvest og renn ned Molvikdalen. Elva munnar ut i Tanafjorden ved Store Molvik og er 14,8 kilometer lang.
Vassdraget er utan noka fast busetjing, men det er eit hyttefelt i Molvikdalen. Ein kommunal grusveg til mellom Berlevåg og Store Molvik går langs nedre del av elva.
Referansar
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Molvikelva (Berlevåg)» frå , den 28. desember 2019.
Kategori:Elvar i Berlevåg