mini|Barselkvinne med den nyfødde sonen sin. Barsel (latin puerperium) er tida under og like etter ein barnefødsel.Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (uppslagsord Barnsäng) Innan obstetrikk reknar ein barselperioden som dei første seks vekene etter ein fødsel. Ei kvinne som er i denne perioden kan ein kalla ei barselkvinne eller barselkone. I løpet av barseltida endrar kvinnekroppen seg tilbake til ein ikkje-gravid tilstand gjennom endringar som hormonnivået og livmorstorleiken. Samtidig byrjar mjølkeproduksjonen.
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har omtalt barseltida som den mest kritiske men likevel også den mest oversette delen av liva til både mor og barn; dei fleste dødsfall for begge gruppene finn stad i denne perioden. I barseltida er det mellom anna risiko for stor bløding, infeksjon og blodpropp. Det er også mogleg å utvikla visse psykiske lidingar som fødselsdepresjon, posttraumatisk stressliding (PTSD) og i nokre sjeldne høve postpartumpsykose.
Soge Ordet «barsel» er avleidd av «barnsøl», og viste opphavleg til feiringa av ein barnefødsel, gjerne ved dåpen. I Noreg har det også vore skikk å vitja barselkoner og gje dei nærande mat, som barselgraut.
Sjå òg Inngangskone
Kjelder
<div class="references-small"> Delar av denne artikkelen bygger på «Postpartum period» frå , og «Barnsäng» frå den 17. desember 2019.
Kategori:Barnefødsel Kategori:Jordmorfag Kategori:Kvinnehelse Kategori:Morskap Kategori:Svangerskap