Discogs (forkorting for discographies, ‘diskografiar’) er ein nettstad og ein database med informasjon om musikkinnspelingar.Discogs.com/about Henta 1. mars 2017. Føretaket bak nettstaden har hovudkontor i Portland i Oregon i USA.Discogs.com/jobs Henta 1. mars 2017. Discogs blei oppretta i oktober 2000 av Kevin Lewandowski som ein database over hans private platesamling.

Discogs og serverane hans tilhøyrer Zink Media, Inc.Wirototheear.com Henta 1. mars 2017.

Databasen omfattar kommersielle plater, promoplater, somme bootleginnspelingar og digitale filer.Discogs.com/help Läst 31 januari 2018.

Opphavleg var berre utgjevingar i sjangeren elektronisk musikk tekne med, men databasen opna seinare for alle typar musikk. "What/Why v2.0?" Henta 1. mars 2017. I januar 2018 omfatta databasen 17 000 000 utgjevingar. Nettstaden har kring 7 millionar brukarar kvar månad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Discogs» frå , og «Discogs» frå den 6. desember 2019. Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelskspråklege nettstader Kategori:USA-amerikanske nettstader Kategori:Musikknettstader Kategori:Skipingar i 2000 Kategori:Musikkdatabasar Kategori:Næringsliv i Oregon