Pierre van der Linden () er ein nederlandsk trommeslagar som er mest kjend som medlem av rockebandet Focus frå 1971 til 1973. Han kom attende til bandet i 1975 for ein turné i Australia, Japan, Danmark og Norge, og enkeltkonsert i 1977 og 1990, og har spelt inn og turnert med gruppa sidan 2004.
Han byrja å spele i profesjonelle band i 1960-åra og vart slik ven med gitaristen Jan Akkerman. Dei to spelte i lag i The Friendship Quartet, Johnny and the Cellar Rockers, The Hunters, Brainbox, After Tea, Tee-Set og ZZ and the Maskers. Seint i 1970 fekk Akkerman sparken i Brainbox og vart medlem av Focus, der van der Linden òg kom med etter eit år. Han spelte mellom anna dei små trommesoloane på hitsingelen «Hocus Pocus». Då bandet gjekk i ei meir kommersiell retning slutta han i Focus i oktober 1973 og kom så inn i gruppa Trace, leia av klaverspelaren Rick van der Linden (tremenningen) og bassisten Jaap van Eik.
I 1975 kom van der Linden ei kort stund attende til Focus. Han turnerte og spelte i studio med Jan Akkerman i 1976 og 1977. Han arbeidde òg med jazzklaverspelaren Jasper van 't Hof og med bandet Sweet'd Buster sitt «Out of the Blue» i 1980.
Diskografi
miniatyr|Jaap van Eik, Pierre van der Linden og Rick van der Linden i samband med utgjevinga av den fyrste utgjevinga til Trace i 1974.
ZZ en de Maskers Dracula (single, 1963)
Brainbox Brainbox (1969) The Last Train (live) (2004) The 3rd Flood (2011)
Focus Focus II (utanfor Nederland Moving Waves, 1971) Focus III (1972) At the Rainbow (1973) Focus 9 / New Skin (2006) Focus X (2012)
Jan Akkerman Profile (1972) Jan Akkerman (1977)
Trace Trace (1974)
Jan Akkerman en Kaz Lux Eli (1976)
Sweet d'Buster Shot Into The Blue (1979)
Advanced Warning HiFi Apartment (1989) Nothing to be Afraid Of (1991) Watch Out for the Jazzpolice (1993) Cut the Crap (1995) Explosion Extra Ordinaire (2000) Regroovable (2004) Hot House (2004) Live at the Amsterdam Blues Festival (2004) Lemon Juice (2005)
Rinus Groeneveld Dare to Be Different (1990)
Solo Swung Vol. 1 & 2 (2014) Drum Poetry (2017)
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Pierre van der Linden» frå , den 4. desember 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nederlandske jazztrommeslagarar Kategori:Jazzfusion-musikarar Kategori:Musikarar frå Amsterdam Kategori:Focus-medlemmar