Grab It for a Second er det trettande albumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, utgjeve i 1978.
Golden Earring gjekk for ein meir radiovenleg stil på denne plata og slo seg saman med produsenten Jimmy Iovine, som polerte stilen deira. Dei brukte fleire studiomusikarar på plata, som perkusjonisten Jimmy Maelen. Singelen «Movin 'Down Life» vart ein liten hit. Trass i den glattare stilen og stor kostnad selde albumet dårleg.
Mottaking Allmusic skriv om albumet: «Hardrocksongane vert hindra av den særs glatte produksjonen til Jimmy Iovine, som gjer at alle songane høyrest heilt like ut. Den einaste rockelåten som står ut frå resten er «Leather», ein frekk ode til sadomasochisme. Trass i somme høgdepunkt er Grab It for a Second for andletslaust til at å vinne Golden Earring nye fans, og er berre tilrådd den hardaste kjernen av fansen deira.»
Innhald Alle songane er skrivne av Hay og Kooymans.
Medverkande Barry Hay - vokal George Kooymans - gitar, Arp synthesizer-gitar, vokal Eelco Gelling - gitar, slidegitar Rinus Gerritsen - bassgitar, Moog Bison synth-bass Cesar Zuiderwijk - trommer
Andre medverkande Lani Groves - korvokal Jimmy Maelen - perkusjon Kevin Nance - klaverinstrument John Zangrando - saksofon på «Against the Grain»
Teknisk Produsent: Jimmy Iovine Lydteknikar: Shelly Yakus Assisterande lydteknikarar: John Kriek, Thom Panunzio Mastering: Greg Calbi Strykearrangement: Kenny Ascher Design: Barry Hay, Mick Rock, Ernst Thormahlen Fotografi: Anton Corbijn, Mick Rock Illustrasjonar: Ernst Thormahlen
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Grab It for a Second» frå , den 28. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Golden Earring-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Album produserte av Jimmy Iovine Kategori:Polydor Records-album