Miracle Mirror er det tredje studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1968.

Rytmegitaristen Peter De Ronde hadde slutta i gruppa innan dette albumet vart spelt inn, og frontmannen og songaren Frans Krassenburg var blitt erstatta av Barry Hay. Som dei to førre albuma deira, Just Earrings og Winter Harvest reflekterte Miracle Mirror tydeleg det som gjekk føre seg i det britiske musikkmiljøet på denne tida med mykje preg av psykedelisk rock, og til dels folkrock i musikkstilen deira.

Mottaking Allmusic skreiv om albumet: «Om du kan nemne ei lydmessig nyskaping frå 1967, så var det truleg ein stad på Miracle Mirror, men det som ikkje hadde endra eg for The Golden Earrings var den solide låtskrivinga til bassisten Rinus Gerritsen og gitaristen George Kooymans og den solide jobben dei gjorde i studio. Sjølvtilliten og kjensla av eventyrlyst som var på dei to første albuma, var i full blomst her, og om det er augneblink på Miracle Mirror som høyrest noko pretensiøse ut i dag, var instinkta til Golden Earrings stort sett heilt riktig det meste av tida, og dette albumet har klart tidstesten betre enn mange andre verk frå den første syre-tida.»

Innhald Alle songane er skrivne av Gerritsen og Kooymans.

Medverkande George Kooymans — gitar, vokal Rinus Gerritsen — bass, klaverinstrument Barry Hay — gitar, fløyte, vokal Jaap Eggermont — trommer

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Miracle Mirror» frå , den 24. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Golden Earring-album Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Polydor Records-album