Eggesteinen er ein runestein frå 1150-1350, som tidlegare stod ved den gamle allfarvegen over Eggemoen, på grensa mellom Hadeland og Ringerike.Eggesteinen ved jevnaker.org Steinen markerte òg grensa mellom gardane Eggja i Haug sokn, Norderhov og Berger i Jevnaker kommune. I 1866 vart steinen utsett for hærverk. Han vart reparert og forbunden med jarnband og sett opp att, men vart utsett for hærverk på nytt i 1875. Då vart han flytt til Universitetets Oldsaksamling. Det står ein kopi på Eggemoen.
Steinen Dei fysiske måla på steinen er 40 cm på det breiaste, mellom 15 og 17 cm tjukk og 149 cm høg.
Datering Dateringa på steinen er sett til omtrent 1100-talet.
Innskriftene Steinen inneheld fire runeinnskrifter (A, B, C og D), der berre tre er leselege. Innskriftene er:
þa:ræist:mik:oak:ræisti amundi:ormstæins:a:sun:a:sotrange þa reist mik ok Ámundi Ormsteinsson á Sotrangi Omsett: «Da rista meg, og reiste (steinen), Åmunde Ormsteinsson på Sætrang»
hær:er:ændimrki:or austær:i: langæ:fosn Hér er endimerki ór austr í Langaforsinn Omsett: «Herfrå går grensa aust i Langefossen»
fura: Fura Omsett: trenamnet «furu»
Steinen har òg ei nyare innskrift som omsett er:
«1689 den 24. mars»
Kjelder
Norges innskrifter med de yngre runer, bind II, side 68-80.
Denne artikkelen bygger på «Eggesteinen» frå , den 23. november 2019.
Kategori:Ringerike kommune Kategori:Kulturminne i Jevnaker Kategori:Norderhov Kategori:Hadeland Kategori:Runesteinar i Noreg Kategori:60°N