William «Bill» MacCormick () er ein engelsk bassist og vokalist.

MacCormick var ein av dei opphavlege medlemmane i bandet Quiet Sun, som vart oppløyst i 1971. MacCormick vart då medlem av det nye bandet til Robert Wyatt, Matching Mole. Bandet vart oppløyst etter å ha gjeve ut to album i 1972, og MacCormick vart ei kort stund med i Gong i Frankrike hausten 1972. Hausten 1973 spelte han på to spor på debutalbumet til Brian Eno, Here Come the Warm Jets og dei neste åra spelte han stundom med Phil Manzanera, før dei i 1976 slo seg saman med Brian Eno og skipa det kortvarige 801, som spelte tre konsertar og gav ut eit konsertalbum hausten 1976. I 1977 vart MacCormick med i gruppa Random Hold. I 1980 forlet han musikkindustrien for å følgje ein karriere i politikk og vart sidan bystyremedlem i bydelen Bromley i London.

Filmar 2015: Romantic Warriors III: Canterbury Tales (DVD)

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Bill MacCormick» frå , den 20. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske jazzgitaristar Kategori:Canterbury scene Kategori:Engelske politikarar Kategori:Matching Mole-medlemmar Kategori:Quiet Sun-medlemmar Kategori:801-medlemmar Kategori:Random Hold-medlemmar