Timothy Blake () er ein klaverspelar, vokalist og komponist ssom har arbeidd med både Gong og Hawkwind.
Han har òg arbeidd som lydteknikar, og det vart slik han vart kjend med både Hawkwind og Gong. Han spelte på alle tre albuma i Radio Gnome Invisible-trilogien til Gong: Flying Teapot, Angel's Egg og You. Han slutta i Gong ein gong tidleg i 1975. Sidan la han ut på ein solokarriere under namnet Crystal Machine, og var den førte artisten som brukte laserlys på scenen. Sidan spelte han igjen både med Gong og Hawkwind.
Solodiskografi 1977: Crystal Machine 1978: Blake's New Jerusalem 1979: «Waterfalls in Space» 1991: Magick 2000: The Tide of the Century 2002: Caldea Music II 2006: Live Waterfalls in Space 2012: Noggi 'Tar 2018: Lighthouse- an Anthology 1973-2012
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folk frå Shepherd's Bush Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Hawkwind-medlemmar Kategori:Protopunk-artistar Kategori:Gong-medlemmar