Katten er ei kommunal badestrand ved Bunnefjorden i Bydel Nordstrand i Oslo. Området er skjerma og barnevennleg og har svaberg og grasbakkar i tillegg til toalett, dusj, kran med drikkevatn og kiosk. Stranda har stupebrett, badetrapp, bord og benkar. Eit nytt toalett- og servicebygg vart bygt ferdig i 2009.FRI – friluftsliv, fritid og friområder – en presentasjon av grønne investeringer. Oslo kommune, Bymiljøetaten, uten år <2011>, side 48.

Det er dårleg med parkering i nærleiken av stranda, men det er busshaldeplass på Mosseveien rett ved, og gangsti ned til Katten frå Ljan jernbanestasjon.

Kjelder

Kategori:Badeplassar i Oslo