Nude er det åttande studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Camel, utgjeve i januar 1981. Det er eit konseptalbum basert på den sanne soga om den japanske soldaten Hiroo Onoda, som vart stranda på ei øy under andre verdskrigen og ikkje visste at krigen var over. 'Nude' kjem frå familienamnet hans 'Onoda'. Det meste av albumet bestod av instrumentalar og er berre eit par songar med tekst. Tekstane vart hovudsakleg skrivne av Susan Hoover, utanom «Please Come Home», som var skriven av Andrew Latimer. Det var det siste Camel-albumet med den originale trommeslagaren Andy Ward, og det siste Camel albumet med meir enn eitt originalt medlem.

Innhald

Bonusspora vart spelte inn i Hammersmith Odeon den 22. februar 1981 for BBC Radio One «In Concert».

Medverkande Camel Andrew Latimer – gitarar, vokal, fløyte, koto & forskjellige klaverinstrument; solovokal på «Please Come Home» og «Lies» Colin Bass – bass, vokal; solovokal på «City Life» og «Drafted» Andy Ward – trommer, perkusjon

Andre medverkande Mel Collins – fløyte, pikkolofløyte, saksofon Duncan Mackay – klaverinstrument Jan Schelhaas – piano på «Drafted» Chris Green – cello på «Drafted» Gasper Lawal – all perkusjon på «Changing Places» Herbie Flowers – tuba på «The Homecoming»

Produksjon Tony Clarke - lydteknikar Mayblin/Shaw/Munday - design

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Nude (Camel album)» frå , den 10. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Camel-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Konseptalbum