Qiongzhousundet, også kalla Hainansundet, er farvatnet som skil Leizhouhalvøya i Guangdong i sørlege Kina frå nordenden av øya Hainan i sør. Sundet, som i gjennomsnitt er 30 km breitt, bind saman Tonkinbukta i vest med Sør-Kina-havet. Gjennomsnittleg djupne er på 44 meter. Den største djupna er rundt 120 m.

Sundet er utsett for tyfonar, og kan stengjast for ferdsle av dei. Medan ei bru over sundet var under planlegging tidleg på 2000-talet, blei ho ikkje bygd. Det går ferjer mellom Guangdong og Hainan som tek med seg tog og bilar. Sidan uvêr kan stoppa fejetrafikken har ein stadig diskutert bygging av bru eller tunnel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qiongzhoustredet» frå , den 8. november 2019. Denne artikkelen bygger på «Qiongzhou Strait» frå , den 8. november 2019.

Kategori:Guangdong Kategori:Hainan Kategori:Sør-Kina-havet Kategori:Kinesisk geografi