Verdsmeisterskapen i ishockey 1969 vart arrangert i Stockholm i Sverige i tida frå 15. mars til 30. mars 1969. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei seks deltakarlanda møttest i doble innbyrdes oppgjer. Sovjetunionen vart verdsmeister på betre målskår enn Sverige på sølvplass og Tsjekkoslovakia på bronseplass. Alle tre mannskapa enda med 16 poeng. Meisterskapen vert hugsa for dei intense oppgjera mellom Tsjekkoslovakia og Sovjetunionen, to kampar som begge enn med siger til Tsjekkoslovakia. Oppgjera hadde ein politisk overtone ein ikkje hadde sett maken til i ishockey .
Verdsmeisterskapen var opphavleg tildelt Tsjekkoslovakia. Politisk uro etter Sovjetunionen hærtok landet i august 1968 førte til at turneringa vart flytta til Sverige.
Tabell Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng 1 10 8 0 2 59 - 23 16 2 10 8 0 2 45 - 19 16 3 10 8 0 2 40 - 20 16 4 10 4 0 6 26 - 31 8 5 10 2 0 8 26 - 52 4 6 10 0 0 10 23 - 74 0
Sovjetunionens meisterlag Målvakter: Viktor Putsjkov, Viktor Singer Forsvarar: Aleksandr Ragulin, Viktor Kuzkin, Vitalij Davidov, Igor Romisjevskij, Vladimir Lutsjenko, Jevgenij Paladjev Løparar: Vjatsjeslav Starsjinov, Anatolij Firsov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Jevgenij Zimin, Vladimir Vikulov, Boris Mikhajlov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Jursinov, Jevgenij Misjakov.
Kategori:Ishockey-VM Kategori:Ishockey i 1969 Kategori:Internasjonale meisterskap i Sverige Kategori:Sport i Stockholm Kategori:1969 i Sverige