Sámi Girječálliid Searvi er ei samisk forfattarforeining som blei stifta i 1979. Ho er ei fagforeining for skjønnlitterære forfattarar som skriv på samisk og dekkjer heile det samiske området, med medlemmer i Norge, Sverige, Finland og Russland. Administrasjonen ligg i Karasjok.
Sámi Girječálliid Searvi er underlagd paraplyorganisasjonen for samiske kunstnarar, Samisk Kunstnerråd (Sámi Dáiddárráđđi). Kirsti Paltto var den første leiaren av foreininga.
Frå byrjinga kunne både samiskspråklege forfattarar og samar som skreiv på eit av majoritetsspråka i landa sine vera medlemmer. I 2019 blei dette endra til at berre dei som skreiv på eit samisk språk kunne vera medlemmer.– Å trekke rasistkortet kveler en fruktbar språkdiskusjon - Sámi Girječálliid Searvi svarer på kritikken i språkdebatten. Artikkel i Altaposten 4. juli 2019
Sjå òg Foreninga samiske forfattere
Kjelder
Om Sámi girjecálliid searvi – Samisk forfatterforening hos finnmarksarkivene.no
Denne artikkelen bygger på «Sámi Girječálliid Searvi» frå , den 5. november 2019.
Kategori:Forfattarlag Kategori:Samiske organisasjonar Kategori:Skipingar i 1979 Kategori:Samisk litteratur