Finnefondet var eit sentralt instrument i den norske staten sin fornorskingspolitikk mellom 1852 og 1921. Fondet var dei første åra ei løyving over statsbudsjettet for å finansiera ei rekkje tiltak innan skuleverket i Finnmark og Troms til assimilering av samar: «at bibringe Lapperne undervising i det Norske Sprog». Budsjettposten vart omtalt av Stortinget som «Til foranstaltninger til udbredelse af kjendskab til det Norske sprog blandt lapper og kvæner».
Midla frå fondet vart i byrjinga brukt til belønning av lærarar som viste effektivitet i å læra samiske og kvenske born norsk. Mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet vart løyvingane trappa betydeleg opp og fordobla opp mot første verdskrigen. Årsaka var eit ønske om å effektivisera fornorskingsarbeidet gjennom skiping av statlege skuleinternat for samiske og kvenske barn. I 1921 vart namnet på Finnefondet endra til det litt mindre kontroversielle «Særbidrag til folkeskolane i Finmark landdistrikt» etter ein gradvis veksande motstand mot den norske assimileringspolitikken, mellom anna i form av det første samiske landsmøtet 6. februar 1917.
Referansar
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Finnefondet» frå , den 19. oktober 2019.
Kategori:Samisk historie Kategori:Norsk samepolitikk