Daniel Mortenson () var ein sørsamisk redaktør, organisator, aktivist og reindriftssame. Han var aktiv under Samemøtet i 1917.

Mortenson var fødd i Verdal, men voks opp i Kall og Undersåker i Jämtland i Sverige. Han tok lærarutdanning i Östersund og arbeidde som lærer for reindriftssameborn frå 1881 til 1886. I 1886 gjekk han tilbake til reindrifta, og i 1896 flytta han til Feren i Nord-Trøndelag. I 1905 kjøpte han garden Svukuriset i Elgå i Engerdal i Hedmark.

Sørsamiske reineigarar hadde praktisert næringa si etter eigne reglar før Felleslappeloven av 1883. Som enkeltpersonar kunne dei oppnå lite i det framveksande organisasjonssamfunnet. Etter å ha forsøkt å få gjennomslag for samepolitiske saker i den norske arbeidarrørsla utan hell, grunnla Mortenson ei sameforeining for det sørsamiske området. I 1907 grunnla han Søndre-Trondhjems Amts lappeforening og i 1910 grunnla han avisa Waren Sardne ('Røysta frå fjellet') på Røros.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Daniel Mortenson» frå , den 3. oktober 2019.

Litteratur Helge Salvesen: «Makt og avmakt i samisk historie. Politisk organisering blant sørsamane rundt hundreårsskiftet», i Årbok for Trøndelag 1979

Hundreårsjubileum for samenes nasjonaldag , artikkel hos Norgeshistorie.no

Kategori:Sørsamar Kategori:Samiske journalistar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Verdal Kategori:Folk frå Røros Kategori:Folk frå Engerdal