Håkon Fimland () var ein norsk lærar, friidrettsutøvar og politikar frå Førde. Han sprang hekkeløp og representerte Tambarskjelvar IL og IL Gular. Han deltok i europameisterskapet i friidrett i 1969 og 1971, og nådde semifinalane i 110 meter hekk båe gongar – med personleg rekord i München i 1971 på 14.26 sekund. Ei skade hindra han frå å delta i München-OL i 1972. Etter at Kjellfred Weum la opp i 1971, vart Fimland noregsmeister i 110 meter hekk seks år på rad, mellom 1971 og 1976.
Han vart seinare trenar og idrettsleiar, med verv i friidrettsforbundet (styremedlem 1987-1990, nestleiar 1989-1990) og Norsk Kulturråd i siste halvdel av 80-talet. I politikken representerte han Senterpartiet, først i Bergen kommune sitt bystyre og kulturutval, før han vart dagleg leiar for kulturhuset, så kultursjef og seinare kommunalsjef i Førde kommune, der han arbeidde resten av sitt yrkesaktive liv.
For sin innsats for idrett og kultur har han motteke fleire prisar, blant dei Kongens fortenestemedalje i 2009 og Førde kommune sin kulturpris i 2015.
Han døydde i 2016.
Kjelder
Kategori:Folk frå Førde