Meaty Beaty Big and Bouncy er eit samlealbum med singlar av det britiske rockebandet The Who, gjeve ut i 1971 på Track i Storbritannia og på Decca i USA. Det gjekk inn på den amerikanske Billboard 200-lista den 20. november 1971 og nådde 11. plassen der, og den britiske albumlista den 3. desember 1971, der det nådde niandeplassen. I 1987 rangerte Rolling Stone albumet på 99. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1967 til 1987.
Utanom to songar, «Boris the Spider» og «I'm a Boy», var alle songane på albumet gjevne ut som singlar i Storbritannia. .
Albumet har fått namn etter medlemmane i bandet: «Meaty» er Daltrey, som var i god form på den tida, «Beaty» er Moon, for tromminga si, «Big» er Entwistle, som var ein stor mann og ofte omtalt som «Oksen» og «Bouncy» var Townshend, fordi han ofte hoppa rundt på scenen.
Innhald
Medverkande The Who Roger Daltrey – solovokal Pete Townshend – gitar, klaverinstrument, kor- og solovokal John Entwistle – bass, kor- og solovokal Keith Moon – trommer
Andre medverkande Nicky Hopkins – piano på «A Legal Matter» Jimmy Page – 12-strengs rytmegitar på «I Can't Explain» Kit Lambert, Shel Talmy – produksjon Bill Curbishley, Mike Shaw – albumdesign Graham Hughes – fotografi Steve Hoffman – mastering for CD
Salslister ÅrListePlassering1971Billboard Pop Albums11UK Chart Albums9
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Meaty Beaty Big and Bouncy» frå , den 28. september 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Kit Lambert Kategori:Album produserte av Shel Talmy Kategori:The Who-album Kategori:Decca Records-album Kategori:MCA Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Track Records-album Kategori:Album produserte av Pete Townshend Kategori:Album produserte av John Entwistle Kategori:Album produserte av Keith Moon Kategori:Album produserte av Roger Daltrey