Svalbardposten er ei avis som blei skipa i november 1948. Ho kjem ut som jamleg oppdatert nettavis og som papiravis ein gong i månaden. Avisa kjem ut i hovudsak første fredag i månaden i Longyearbyen på Svalbard. Svalbardposten er den nordlegaste avisa i verda og har eit opplag som er høgare enn talet på husstandar på Svalbard.

Avisa i dag Avisformatet er A4, noko som har sitt utspring frå då avisa blei trykt på Svalbard i eiga presse. Sidan 1996 er avisa trykt på fastlandet, men i same format som tidlegare. I dag trykkjer ein Svalbardposten i Tromsø. Avisa har fem tilsette, der tre jobbar i redaksjonen. Avisa har for det meste saker knytt til stadane Longyearbyen, Svea, Barentsburg og Ny-Ålesund. Svalbardposten har fått utmerkinga «Årets lokalavis» av Landslaget for Lokalaviser tre gonger, seinast i 2010.

Historie Svalbardposten oppstod som ei veggavis, med normalt fire sider som blei slåtte opp på brakkene med Velferdsrådet på Svalbard som utgjevar. Ho er blitt omtala som «til tider artig», men med «ganske lite informasjon og seriøsitet» og svært lite lokalstoff. Avisa kom ut ein gong kvar veke mellom september og mai. Svalbardrådet vart skipa i 1971 og tok over som utgivar av avisa. Det førte med seg ei profesjonalisering av drifta. med meir og tyngre journalistikk, bilete og annonser. Utgivingsdagen var annakvar laurdag. Redaktørstillinga tilsetjast på åremål med inntil fire års tenestetid.

Sidan 1986 har Svalbardposten kome ut kvar fredag heile året. Etter økonomiske vanskar mot slutten av 1980-åra blei det gjort fleire omorganiseringar for å berge drifta. Justisdepartementet blei i røynda ansvarleg utgivar, ei rolle som blei endra i 1992 då Stiftelsen Svalbardposten blei skipa for å ha rolla som utgivar. Justisdepartementet skaut likevel inn grunnkapitalen til stiftinga. I 1996 blei drifta omorganisert nok ein gong, denne gongen til aksjeselskap ved opprettinga av Svalbardposten AS. Dette blei gjort for at avisa kunne få pressestønad. Svalbardposten AS har skrive ut ein aksje på 500 000 kroner, og aksjen tilhøyrer Stiftelsen Svalbardposten. I 1997 lanserte Svalbardposten eiga nettutgåve. I september 2012 la avisa om nettutgåva med betaling for nettnyhende.

Opplagstal År Eksemplar 1993 2 108 1994 2 248 1995 2 357 1996 2 425 1997 2 580 1998 2 556 1999 2 871 2000 2 932 2001 2 924 2002 3 109 2003 3 224 2004 3 271 2005 3 346 2006 3 352 2007 3 140 2008 3 095 2009 2 989 2010 2 841 2011 2 772 2012 2 679 20132 56120142 636 Opplagstal for 2014, Mediebedriftenes Landsforening

Redaktørar Kjartan Olsen 1948–1949 Thoralv Lund 1949–1950 Alf Sørensen 1950–1951 Arne Aulie 1951–1953 Karl Nusser 1953–1954 Øyvind Haddeland 1954–1955 Hans Engebretsen 1955–1956 C. E. Sollie 1956–1957 Einar Nesje 1957–1958 K. R. Nordbøe 1958–1959 Odd Sverre Knutsen 1959–1960 Alf E. Heggelund 1960–1961 Hans Engebretsen 1961–1964 Svein Jensen 1964–1966 Odd Madsen 1966–1967 Herleiv Alvheim 1967–1971 Erik Gabrielsen 1971–1972 Gudbrand Grøt 1972–1973 Herleiv Alvheim 1973–1976 Bjørn Hansen 1976–1977 Otto Risanger 1977–1978 Lilleba Knudsen (kst. 1978) Kristian Hus 1978–1979 Kjetil Anthonsen 1979–1980 Pål Skogmo 1980–1983 Vibjørn Madsen 1983–1984 Svein Haaland 1984–1986 Mette Bleken 1986–1989 Kjetil Anthonsen 1989–1991 Tor Ole Ree 1991–1995 Kjetil Anthonsen 1995–1997 Nils Lorentsen 1997–1999 Arne O. Holm 1999–2002 Torbjørn Pedersen 2002–2004 Birger Amundsen 2004–2013 Eirik Palm 2013–2016 Kristin Røsvik 2016–2020 Børre Haugli 2021–2022 Line Nagell Ylvisåker (2023–)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Longyearbyen Kategori:Skipingar i 1948 Kategori:Norske aviser på Svalbard