Jens Paulus Irgens Odberg () var ein norsk sakførar og og Høgre-politikar frå Hedrum i Vestfold. Han var stortingsmann 1937-45 frå valkrinsen Vestfold.

Far hans var gardbrukar på Odberg. Sjølv gjekk han Larvik gymnasium og var frå 1905 vernepliktig offiser. Der etter studerte han ved Universitetet i Kristiania og tok cand.jur.-eksamen i 1909. Han var så eidsvoren fullmektig hos byfuten i Sandefjord frå desember 1910 til februar 1913. 1913/14 gjekk han Krigsskulen og vart utnemnd til sekondløytnant i kavaleriet.

Frå 1914 arbeidde Odberg som overrettssakførar i Sandefjord. I 1919 vart han eigar av farsgarden Odberg, der forpaktar stod for den daglege drifta. Frå 1936 var Odberg offentleg forsvarar i straffesaker ved Sandar heradsrett og Sandefjord byrett.

Odberg var medlem i Sandar heradsstyre frå 1925, varaordførar 1928-31 og ordførar 1931-37. Den siste treårsperioden som ordførar var han formann ved fylkestingssamlingane i Vestfold. Hausten 1936 vart han vald til å representere Vestfold og Høgre på Stortinget. Han var medlem i Kommunalkomiteen til 1940, der etter formann i Finanskomiteen.

Elles var Odberg ei tid styreformann i Privatbanken i Sandefjord og 1935-45 styremedlem i Vestfold Kraftselskap, samt 1936–45 styremedlem i fylkessjukehuset.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Sandar Kategori:Høgreordførarar i Vestfold Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Larvik