Francis Obikwelu () er ein nigeriansk friidrettsutøvar som frå 2002 representerte Portugal. Han vann VM-bronse 1999 på 200 m for Nigeria, sidan vann han tre EM-gull og OL-sølv på sprintdistansane for Portugal.
Aktiv Obikwelu deltok på det nigerianske laget som i 1997 tok VM-sølv i 4 x 100 meter stafett. Under verdsmeisterskapen i Sevilla i 1999 vann han semifinalen på 200 meter på 19,84 sekundar, eit tid han aldri sidan klarte forbetre. I finalen sprang han i mål på 20,11 og vart bronsemedaljør.
Etter Obikwelu ikkje fekk plass i Nigerias OL-tropp til Sydney, søkte han i 2001 om portugisisk statsborgarskap. Under EM 2002 vart han andremann på 100-meteren etter briten Dwain Chambers, fire år seinare vart Chambers sitt løp annullert og Obikwelu kåra til vinnar. På 200-meteren i same meisterskapen kneip han sølvmedaljen på 200 m, langt bak den suverene vinnaren, Konstantinos Kenteris frå Hellas.
I OL-finalen på 100 meter i Aten i 2004 sprang Obikwelu sitt livs fortaste 100 meter. Med tida 9,86 sekundar, ny europarekord, kneip han sølvmedaljen frå Maurice Greene. Begge fekk same tid og var eitt hundredels sekund attom vinnaren Justin Gatlin. To år seinare vart Obikwelu dobbeltmeister under europameisterskapen 2006 i Göteborg. Han var klart beste på 100 m og heilt suveren på 200 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Sølvmedalje i 4 x100 m stafett (38,07) VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje på 200 m – 20,11 EM 2002 i München: Gull på 100 m – 10,06, sølv på 200 m – 20,21 OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 100 m – 9,86, bakom Justin Gatlin (9,85 m) VM 2005 i Helsinki: Nr 4 på 100 m – 10,07 EM 2006 i Göteborg: Gull på 100 m – 9,99, og på 200 m – 20,01 EM 2010 i Barcelona: Nr 4 på 100 m – 10,18
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Francis Obikwelu» frå , den 24. september 2019. World Athletics
Kategori:Sprintarar Kategori:Nigerianske friidrettsutøvarar Kategori:Portugisiske friidrettsutøvarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Portugal Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Portugal Kategori:Nigerianske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Nigerianske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1997 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010