Sølvi (Bauge) Sogner () var ein norsk historikar. Det meste av forskinga hennar dreidde seg om familiehistorie, historisk demografi og kvinnehistorie i tidleg moderne tid (1600/1700-talet).

Sogner var fødd i Trondheim. Ho vart universitetslektor i 1975 og dr.philos. i 1976. Ho var førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo 1974, og professor frå 1988.

Sogner vart inspirert til å forska på folkesetnadshistorie av den franske demografen Louis Henry i 1960. Ho tok i bruk Henry sin familierekonstitusjonsmetode på norske kjelder frå Rendalen i doktorgradsavhandlinga si.

Sogner fann ut at utvandringsbølgja frå Noreg til USA tidleg på 1900-talet langt frå var første store utvandrarbølge frå Noreg. På 1600-talet var det ei tilsvarande særs stor utvandrerbølge, spesielt frå Sørvestlandet, til Nederland.

Bibliografi

1979 Folkevekst og flytting. En historisk-demografisk studie i 1700-årenes Norge doktorgrad 1984 Barn av sin tid. Fra norske barns historie (sammen med Bjarne Hodne) 1984 Fra stua full til tobarnskull (sammen med Eli Fure og Hege Brit Randsborg). 1990 Far sjøl i stua og familien hans 1992 Europa 1500-1750 bind 2 i Cappelens kvinnehistorie 1996 Krig og fred 1660-1780 bind 6 i Aschehougs Norgeshistorie ISBN 82-03-22034-7

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sølvi Sogner» frå , den 17. september 2019.

Bakgrunnsstoff

Portrettintervju i forskningsmagasinet Apollon: Sølvi Sogner – Med hjertet hos hverdagsmenneskene 2000

Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Norske historieprofessorar