Robson Caetano da Silva () er ein brasiliansk tidlegare friidrettsutøvar som vann bronsemedaljen på 200 meter under Sommar-OL 1988, og fire gongar vart nummer fire på same distansen i verdsmeisterskap/sommarleikar.

Aktiv Silva fekk sitt gjennombrot då han under Roma-VM i 1987 kom på fjerdeplass på 200 meter, fattige seks hundredels sekund attom vinnaren Calvin Smith frå USA. OL-sesongen 1988 gjorde Silva personbeste på 100 meter med 10,00 sekundar ved eit stemne i Mexico-byen. Ut på hausten same året vart han femtemann på 100 meter under Sommar-OL i Seoul, før han dagar seinare sprang i mål på 20,04 sekundar og bronsemedalje på 200-meteren.

Den 25. august 1989 sette Silva personbeste då han ved eit stemne i Brussel vann 200 meter på tida 19,96. Under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo vart han nummer sju på 100 m og fire på 200 m, på den lengste distansen fekk han same sluttid som bronsmedaljøren Atlee Mahorn frå Canada. Også på 200-metersfinalen ved Sommar-OL 1992 i Barcelona enda Silva på fjerdeplass, sju hundredels sekund unna bronsen. Under Friidretts-VM 1995 i Göteborg vart Silva for tredje gong i verdsmeisterskap nummer fire på 200 meter, og for fjerde gong i VM/OL.

Silva deltok for Brasil i fleire stafettløp, både i 4 x 100 m og 4 x 400 m. Men det var fyrst ved Sommar-OL 1996 i Atlanta at han lukkast vinne medalje med lagkameratar, ein bronsemedalje i 4 x 100 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,66=nr 30) OL 1984 i Los Angeles: Utslått i semifinalane på 200 m (20,80=nr 13). Utslått i 4 x 100 m stafett VM 1987 i Roma: Nr 4 på 200 m – 20,22. Utslått i kvartfinalane på 100 m (10.53=nr 25). Utslått i 4 x 100 m stafett OL 1988 i Seoul: Bronse på 200 m – 20,04, nr 5 på 100 m – 10,11 VM 1991 i Tokyo: Nr 4 på 200 m – 20,49, nr 7 på 100 m – 10,12 OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 200 m – 20,45. Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.01,6). Utslått i semifinalane på 100 m (10,32=nr 10) VM 1993 i Stuttgart: Diskvalifisert i semifinalane (nr 15) VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 200 m – 20,21. Utslått i semifinalane på 100 m (10,20=nr 9). Nr 6 i 4 x 100 m stafett (39,35) OL 1996 i Atlanta: Bronse i 4 x 100 stafett (38,41). Utslått i kvartfinalane på 200 m (20,65=nr 24) VM 1997 i Aten: Nr 6 i 4 x 100 m stafett (38,48)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robson da Silva» frå , den 15. september 2019.

World Athletics

Kategori:Brasilianske friidrettsutøvarar Kategori:Sprintarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Brasil Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996