Brunkinnskogtrast eller brunkinnskogtrost (Catharus ustulatus) er ein fugl i trastefamilien som hekkar i Nord-Amerika. Han er ein langdistansetrekkfugl med overvintring i Mellom-Amerika og i Sør-Amerika.
Brunkinnskogtrast er mykje lik gråkinnskogtrast i storleik og utsjånad, og har i stor grad overlappande utbreiing.
Skildring mini|venstre|Foto frå South Padre Island, Texas Brunkinnskogtrast er ein liten trast, ca. 16–20 centimeter i kroppslengd, og kroppsvekt på 25–37 gram. Fargene i fjørdrakta er mykje som ein måltrast i Europa, olivenbrun overside, nesten kvit underside med mørke markeringar som blir lysare bakover sidene. I motsetnad til måltrasten har skogtrastane breie lengdestriper på undervengen i kvitt og mørkt, der måltrasten er einsfarga rustgul. Brunkinnskogtrast kan skiljast frå gråkinnskogtrast med litt tydelegare augering og meir markert teikna kinnparti.
Brunkinnskogtrast er ein amerikansk trasteart som hekkar i Alaska, austover i eit breitt belte over nordlege Canada til og med Newfoundland. Dessutan i dei nordaustlegaste statar av USA og i vestlege statar, og sørover langst stillehavskysten til sørlegste California. Overvintring skjer i Mellom-Amerika frå sørlege Mexico, og i vestlege Sør-Amerika langs og på begge sider av Andes sør til nordvestre Argentina.
Hekking skjer i skogshabitat hovudsakleg i barskog, men òg i blanda lauvskog. Om vinteren kan dei òg leve i meir opne område, vanlegvis under ca. 2000 moh.
Føda er mange typar leddyr og frukt, og dei beitar i tre lågt over bakken. Om vinteren kan dei beite på frukt i flokkar, somme tider i fleirartsflokkar.
Spontant i Noreg Det er samla fem observasjonar av brunkinnskogtrast i Noreg, alle om hausten. Den siste registreringa er frå Utsira i Rogaland i oktober 2019. Ca. 75 andre registreringar er gjort i Europa, dei fleste i Storbritannia og dei fleste av desse i oktober månad.
Taksonomi Artstaksonet som det er skildra her er per EBird/Clements Checklist v2019, og det inkluderer seks underartar: C. u. ustulatus, C. u. phillipsi, C. u. oedicus, C. u. incanus, C. u. appalachiensis, og C. u. swainsoni. Dei tre sistnemnde underartane er skilt ut som enda eit artstakson Swainson's Thrush (Catharus swainsoni) Tschudi, 1845, hos andre autoritetar, slik som hos HBW Alive og IUCN.
Kjelder del Hoyo, J., Collar, N. & Marks, J.S. (2019) Swainson's Thrush (Catharus swainsoni) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. september 2019 Collar, N., Christie, D.A. & Marks, J.S. (2019) Russet-backed Thrush (Catharus ustulatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. september 2019 Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:trastefamilien kategori:amerikanske sporvefuglar i Noreg