Medby kapell er eit bedehuskapell, ei langkyrkje i Medby i Senja kommune i Troms. Det er av tre og har 170 sitjeplassar.Rasmussen.

Kapellet vart opphavleg oppført som bedehus i Holmenvær like etter 1890. Der vart det brukt til 1933. I 1936 vart huset tatt ned og ført opp att i Medby, med vigsling 29. august 1937. Bedehuset vart nytta til kyrkjelege handlingar. I 1967 fekk huset påbygd kor, sakristi, kjøken, ein liten sal mm. Huset vert òg kalla Midtbygdens bedehuskapell.

Kjelder

Torsken kommune: Medby kapell

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Senja Kategori:Kulturminne i Senja Kategori:Norske kyrkjer frå 1890-åra Kategori:Norske kyrkjer frå 1937 Kategori:Norske kyrkjer frå 1967 Kategori:Kyrkjer i Senja prosti