thumb|Sauherad prestegard thumb|Drengestove/forpaktarbustad thumb|Prestegarden har to stabbur: eitt for presten og eitt for forpaktaren. Sauherad prestegard ligg nordvest for Sauherad kyrkje. Historia til prestegarden går, som kyrkjehistorien, attende til mellomalderen. På tunet står fire freda bygg.

Hovudbygningen vart oppført i 1658 og vert ifylgje Opplysningsvesenets fond rekna som det eldste bustadhuset i Noreg. Det dreier seg om eit toetasjes laftehus med ståande panel og saltak. Ei sidefløy mot tunet er frå 1921. Ein liten sveitserveranda er frå 1907. Treskjeraren Borgar Borgarson har bidrege med sveitserdetaljar og akantus.

Dei andre freda bygga er to stabbur og ei drengestove med bryggarhus og reiskapsbu. Drengestova skal ha ein bygningskjerne frå 1700-talet, medan stabbura (eitt for presten, eitt for forpaktaren) vart oppførte på 1800-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sauherad prestegård» frå , den 5. september 2019.

Bakgrunnsstoff Opplysningsvesenets fond: Sauherad prestebolig

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Midt-Telemark Kategori:Gardar i Telemark