Norðurstreymoy (:, dansk: Nordstrømø) er ein landsdel på Færøyane. Den 1. januar 2016 hadde Norðurstreymoy 3 776 innbyggjarar, fordelt på 17 bygder. Norðurstreymoy omfattar dei to nordlegaste tredjedelane av øya Streymoy. Norðurstreymoy vert avgrensa mot Suðurstreymoy mellom Kollafjørður og Kaldbaksfjørður i aust og mellom Skælingur og Norðradalur i vest.

Administrative inndelingar Norðurstreymoy og Suðurstreymoy utgjer éin syssel i politi- og rettsvesenet. Sidan 2010 har Streymoy, Vágar og Sandoy syslar utgjort eigne rettskretsar, men eitt felles politidistrikt.

Norðurstreymoy utgjer eit prestegjeld i Fólkakirkjan med soknekyrkjene Vestmanna, Kvívík, Kollafjørður, Hósvík, Hvalvík, Saksun, Haldarsvík og Tjørnuvík. Den 1. januar 2015 var 89,7 % av folkesetnaden i prestegjeldet medlemmar av kyrkja.

Mellom 1854 og 2008 utgjorde Norðurstreymoy ein valkrins til Lagtinget.

Norðurstreymoy er inndelt i kommunane Vestmanna, Kvívík og Sundini. Sundini omfattar òg bygder på Eysturoy. Bygdene ved Kollafjørður tilhøyrer hovudstadskommunen Tórshavn, som òg omfattar heile Suðurstreymoy.

I Færøyane sitt skipsregister høyrer Norðurstreymoy, unntatt Kollafjørður, til Vestmanna (VN).

Referansar

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Norðurstreymoy» frå , den 3. september 2019.

Kategori:Færøysk geografi