Dovre prestegard er Skjelstad gard, som vart prestegard då Dovre prestegjeld vart oppretta i 1860. Garden ligg høgt oppe i fjellsida eit stykke nord for kyrkja.
Garden har fem bygningar med freda eksteriør, mellom dei det lafta våningshuset på halvannan etasje, som vart oppført mellom 1863 og 1870. Også låve, stall, fjøs og stabbur er oppført før 1899. Bygningane har gjennomgått vesentlege endringar gjennom åra, men vert rekna for å utgjere eit heilheitleg kulturmiljø.
Nabogarden på den andre sida av elva Einbugga er Tofte, der det skal ha stått eit kapell som gjerne vert rekna som første inkarnasjon av Dovre kyrkje.
Kjelder
Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Oppland Birkeland & Nerdahl, s. 116. Opplysningsvesesenets fond
Dovre prestebolig hos Opplysningsvesenets fond
Bakgrunnsstoff
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Dovre Kategori:Byggverk i Dovre Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Gardar i Innlandet