Cayenne-elva er ei elv i Fransk Guyana i kommunenen med same namn, Cayenne, som også er hovudstaden i Fransk Guyana.

Namn Innfødde wayanafolk kalla elva Kalani eller Caiane, eit namn det verker som dei brukte om store elver og estuar. Namnet kan også ha vore opphav til namnet Guyana (Guyane).

Løp venstre|mini|Kart over Cayenne-øya og Cayenne-elva frå 1700-talet.

Cayenne-elva byrjer der Tonnegrande frå nord og Cascades frå sør renn saman, ved byen Tonnegrande. Elva er 43,7 km lang om ein tel frå kjeldene til desse elvene. Elvestykket som ber namnet Cayenne er berre rundt 15 km langt.

Nær munningen, ved byen Cayenne, tek Cayenne imot elva Montsinéry.

Saman med elva Tour de l'île sør for Cayenne og Mahury i aust gjer elva Cayenne til ei øy, kjend som île de Cayenne.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rivière de Cayenne» frå , den 29. august 2019.

Kategori:Fransk Guyana Kategori:Elvar i Sør-Amerika