mini|Dei ulike kulturane i Europa ca. 6000–4000 f.Kr. Den kamkeramiske kulturen er ein steinalderkultur som er påvist i barskogbeltet i Nordaust-Europa i steinalderen omtrent 5 000–2 000 f.Kr. På det største var kulturen utbreidd frå Bottenvika og Austersjøen til Ural og frå munningen av Wisla til Polhavet. Keramiske kar er over heile området av same form, men det er til ein viss grad variasjon i dekorasjonane. Området til den kamkeramiske kulturen er meir eller mindre det same som området der det langt seinare vart snakka finsk-ugriske språk. Det er dermed mogleg at den kamkeramiske kulturen er knytt til forfedrene til talarane av desse språka.

mini|Kamkeramikk frå Taipalsaari i Finland Kamkeramikken representerer den eldste keramikken i Finland. Kulturen har fått namnet sitt frå 40-50 liter store kar med bølgande mønster som i slutten av perioden hadde avtrykk av kammar.

Område

Området for kamkeramiske føremål er omtrent følgjande: I vest Kalixälven og Bottenvika i Sverige, Finnmark og Troms i Noreg, i sør Wisla-elva i Polen og i Baltikum m.a. Zvejnieki 1. I det søraustre Russland går den kamkeramiske kulturen sakte over i keramikkstilen funne i UralfjellaMuseovirasto Datering

I Finland kom den kamkeramiske perioden etter Suomusjärvi og Kunda-kulturane. Etter den kamkeramiske perioden kom Kiukaiskulturen, som viser påverknad frå stridsøkskulturen.

Materiell kultur og levemåte

Det har vore ein teori at den kamkjeramiske kulturen i perioden 5 200–2 000 før notida har snakka finsk-ugriske språk, i og med at kulturberarane budde på omtrent det same området som desse språka seinare vart snakka på. Det ser likevel ikkje ut til å vere knytt store folkevandringar til denne kulturen, andre funn enn sjølve keramikken viser til kontinuitet.

Den kamkeramiske folkesetnaden gravla dei daude, og la flintspissar og ravsmykke i grava.

Mesteperten av den finske bergkunsten er frå den kamkeramiske perioden. Til denne perioden høyrer også funn av små menneskefigurar (eller figurin) i leire. mini|Laukaan Hartikasta löytynyt punamultahauta. Kuvassa näkyy myös haudassa säilyneitä liuskerenkaita.

Språk

Den tradisjonelle forklaringa på sambandet mellom språk og arkeologi har vore at folka i det kamkeramiske området snakka eit finsk-ugrisk språk, som vart spreidd i lag med kulturen. Dette synet dominerte framleis forsking på1980- og 1990-talet. Språkforskaren Petri Kallio presenterte likevel i 2006 ein teori om at det finskugriske urspråket er langt yngre enn den kamkeramiske perioden.Kallio, Petri 2006: Suomen kantakielten absoluuttista kronologiaa. – Virittäjä 1/2006. http://www.kotikielenseura.fi/virittaja/hakemistot/jutut/2006_2.pdf Fennougristen Jaakko Häkkinen presenterte i 2009 fleire argument til støtte for Kallio sine teoriar; i følgje Häkkinen er den kamkeramiske perioden for tidleg til å kunne bli knytt til utbreiinga av dei uralske språka.Häkkinen, Jaakko 2009: Kantauralin ajoitus ja paikannus: perustelut puntarissa. – Suomalais-Ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 92. http://www.sgr.fi/susa/92/hakkinen.pdf

Også arkologane har vore skeptisk til å knytte arkeologiske kulturar så klårt til språk som det tradisjonelle synet gjorde.esimerkiksi Trigger, Bruce 1994: Ethnicity – An Appropriate Concept for Archaeology? Fennoscandia archaeologica XI, s. 100–103.

Andre kamkeramikk-kulturar utanfor Europa

Ein har også funne kamkeramikk langs øvre del av Volga, sørlege Sibir, Bajkalsjøen, det mongolske platået, Liadong-halvøya og på Korea-halvøya.(in Japanese) Den eldste kamkeramikken vart funnen i utgravingar av Liao-sivilisasjonen frå Xinglongwa-kulturen (6200-5400 fvt.).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kampakeraaminen kulttuuri» frå , den 17. august 2019. oppgav desse kjeldene:  

Huurre, Matti: Kivikauden Suomi. Otava, 1998. ISBN 951-1-15186-X. Jouko Vahtola, Suomen historia jääkaudesta Euroopan unioniin s. 13 Otava, 2003 ISBN 951-1-17397-9 Suomen esihistoriallinen keramiikka, Helsingin Yliopisto

Korhonen, Mikko 1981: Johdatus lapin kielen historiaan. Helsinki: SKS. Korhonen, Mikko 1988: The history of the Lapp language. Sinor, Denis: The Uralic languages. Description, history and foreign influences]. Leiden: E.J. Brill. s. 264-278. Sammallahti, Pekka 1988: Historical phonology of the Uralic languages with special reference to Samoyed, Ugric and Permic. Sinor, Denis: The Uralic languages. Description, history and foreign influences]. Leiden: E.J. Brill. s. 478-554. Jouko Vahtola, Suomen historia jääkaudesta Euroopan unioniin s. 13 Otava, 2003 ISBN 951-1-17397-9

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Arkeologiske kulturar i Europa Kategori:Steinalderen i Europa