Ei pannekakesetning er eit fenomen som oppstår i skandinaviske språk og refererer til særskilde høve av samsvarsbøying som ikkje fylgjer konvensjonelle lingvistiske mønster. Uttrykket «pannekakesetning» vart først introdusert av den norske språkforskaren Hans-Olav Enger i den vitskapelege artikkelen Scandinavian pancake sentences as semantic agreement. I artikkelen skildrar Enger pannekakesetningar som særskilde setningar med eit predikatadjektiv som ikkje samsvarar med subjektet sitt. Pannekakesetningar oppstår ofte når subjektet i setninga ikkje er i bunden form, som i døma nedanføre.
Døme frå skandinaviske språk
Fleirtalssubjekt
Pannkakor är gott (svensk) Pannekaker er godt (bokmål/nynorsk)
Om setningane skulle fylgje vanlege samsvarsbøyingsmønster ville adjektivet godt verte samsvarsbøygd til gode, altså «pannekaker er gode» ettersom subjektet pannekaker er i fleirtal. Men i staden står adjektivet i inkjekjønnsforma godt, sjølv om pannekaker står i fleirtal og er hokjønn. Normale samsvarsbøyingsmønster ville vore at adjektivet og substantivet samsvarar i både kjønn og tal.
Eintalssubjekt
Programmering er kult (bokmål/nynorsk)
Ordet programmering er hokjønn og er i eintal, men vert samsvarsbøygd med inkjekjønnsform av adjektivet, kult. Dei konvensjonelle lingvistiske mønstera for samsvarsbøying ville gjort at det eigentleg skulle vore «programmering er kul», men dette vert ugrammatisk på norsk.
Om subjektet er i bunden form vert normale samsvarsbøyingsreglar fylgde; «programmeringa er kul» (bokmål/nynorsk).
Partisipp i nynorsk Fenomenet gjeld òg for perfektum partisipp:
Parkering er forbode
Skulle vanlege samsvarsbøyningsmønster verte fylgde, ville det vore «parkering er forboden» ettersom parkering er eit hokjønnsord medan forboden er hokjønnsforma av adjektivet. Men forbode er inkjekjønnsform, og skal dimed ikkje samsvare med eit hokjønnssubstantiv.
Om subjektet er i bunden form vert normale samsvarsbøyingsreglar fylgde; «parkeringa er forboden».
Kjelder
Kategori:Grammatikk Kategori:Norsk språk