Korsholm (finsk Mustasaari) er ein kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har 17 368 innbyggjarar og eit areal på 846,7 km².
Korsholm er ein tospråkleg kommune med svensk som majoritetsspråk (71 %) og finsk som minoritetsspråk. Korsholm grensar til kommunane Vasa, Malax, Laihela og Vörå.
I Korsholm ligg Finlands lengste hengebru. Replotbron har ei lengd på 1 045 m og forbind øya Replot med fastlandet.
Musikfestspelen Korsholm er ein årleg kammermusikkfestival som vert halden i Korsholm og Vasa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Korsholm» frå , den 26. juli 2019.
Kategori:Kommunar i Österbotten