Maximianus (latin Marcus Aurelius Valerius Maximianus Herculius Augustus; fødd ca. 250, død ca. juli 310) var romersk keisar frå 286 til 305. Han var først cæsarBarnes (1981): Constantine and Eusebius, s. 6 frå 285 til 286, deretter augustus frå 286 til 305. Han delte den siste tittelen med medkeisaren sin, den overordna Diokletian.

Maximianus hadde hovudkvarteret sitt ved Trevorum (Trier i dagens Tyskland), men dreiv det meste av tida med krigføring ulike stader i riket. På slutten av sommaren 285 nedkjempa han lokale opprørarar i Gallia. Frå 285 til 288 kjempa han mot germanske stammar langs grensa av Rhinen. Saman med Diokletian sette han i gang ein brend jord-taktikk inne i alamannarområdet i 288, og avlasta mellombels provinsane ved grensa mot trusselen frå germanske angrep.I klassisk latin ville navnet ha blitt skrevet som følgende: MARCVS AVRELIVS VALERIVS MAXIMIANVS HERCVLIVS AVGVSTVS.Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 32.Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 4.

Den som Maximianus hadde peika ut til å patruljera og halda orden på kystane ved Den engelske kanalen, Carausius, gjorde opprør i 286, noko som førte til at romersk Britannia og den nordvestlege delen av Gallia blei lausriven frå Romarriket. Maximianus klarte ikkje å driva ut Carausius, og invasjonsflåten hans blei øydelagd av stormar og uvêr i kanalen i 289 eller 290 . Ein underordna av Maximianus, Konstantius Klorus, dreiv krig mot Carausius sin etterfølgjar Allectus, medan Maximianus sjølv vakta grensa langs Rhinen. Opprørsleiaren blei fjerna i 296, og Maximianus drog sørover for å kjempa mot piratverksemda i nærleiken av Hispania, og angripande berbarar i Mauretania. Då desse krigstoktea vart ferdigstilde i 298 drog han til Italia, der han levde bedageleg fram til 305 . Diokletian abdiserte i 305, og tvinga Maximianus til å gjera det same den 1. mai 305, til fordel for yngre arvtakarar, Konstantius I Klorus og Galerius. Han trekte seg deretter attende i det sørlege Italia som privat borgar.

I slutten av 306 fekk Maximianus tilbod om å bli keisar igjen av sonen sin Maxentius, som hadde gjort opprør mot keisar Galerius og den underordna medkeisaren hans Valerius. Maximianus aksepterte og støtta opprøret til sonen. Valerius blei teken til fange, og Galerius sin invasjon av Italia feila. I april 307 freista Maximianus å avsetja sonen si, men klarte det ikkje og flykta til hoffet til Konstantius sin son og arvtaker Konstantin (som òg var svigersonen hans) i Trevorum (Trie). Ved konferansen i Carnuntum i november 308 blei Maximianus tvinga av Diokletian og etterfølgjaren hans Galerius til å gje avkall på alle krav på keisarembetet igjen. Tidleg i 310 freista Maximianus likevel å ta tittelen frå Konstantin medan keisaren dreiv krig ved Rhinen. Få støtta han, og han blei teken til fange av Konstantin i Massilia (Marseille i dagens Frankrike). Han blei tvinga til å ta livet av seg på ordre frå Konstantin. Bilde og inskripsjonar av Maximianus blei fjerna frå alle offentlege bygningar. Etter at Konstantin hadde gått til krig og nedkjempa Maxentius, blei Maximianus likevel rehabilitert og han blei guddommeleggjort.

Liv og virke

Tidleg liv venstre|mini|200x200pk|Mynten antoninianus med portrett av Maximianus. Maximianus var fødd i nærleiken av Sirmium (dagens Sremska Mitrovica i Serbia) i den romerske provinsen Pannonia ein gong rundt 250 i ein familie av butikkeigarar.Epitome de Caesaribus 40.10, sitert i Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 32; Rees (2002): Layers of Loyalty in Latin Panegyric, s. 30; Williams (1997): Diocletian and the Roman Recovery, s. 43–44.Pohlsander, Hans A. (1996): The Emperor Constantine, s. 7 Bortrett frå desse faktaa har dei antikke kjeldene vage ymt om Illyricum som det opphavlege heimlandet hans,Victor: Liber de Caesaribus 39.26, sitert i Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 32. om dei pannoniske dygdene hans,Panegrici Latini 10(2).2.2ff, sitert i Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 32. og om den vanskelege oppveksten i det krigsherja området langs grensa av Donau.Panegrici Latini 10(2).2.4, sitert i Rees (2002): Layers of Loyalty in Latin Panegyric, s. 44–45. Maximianus gjekk inn i hæren, der han tenestegjorde saman med Diokletian under keisar Aurelianus og Probus. Han deltok truleg i Carus sin krig i Mesopotamia i 283 og var tilstades då Diocletian blei vald til keisar den 20. november 284 i Nicomedia.Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 32–33; Rees (2002): Layers of Loyalty in Latin Panegyric, s. 30. Maximianus si raske utnemning til cæsar (nestkommanderande) av Diokletian er blitt tolka av forfattaren Stephen Williams og historikaren Timothy Barnes som at at dei to mennene var langvarige allierte, at dei respektive rollene deira hadde vore ei semje og ein ambisjon som gjekk attende i tid, og at Maximianus truleg hadde støtta Diocletian i kampanjen hans mot Carinus, men det finst ingen direkte bevis for denne antakinga.Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 6; Williams (1997): Diocletian and the Roman Recovery, s. 43–44.

Maximianus hadde to barn med den syriske kona si Eutropia: Maxentius og Fausta. Det er ingen direkte bevis i dei antikke kjeldene for datoane då borna vart fødd. Moderne utrekninga av fødselen til Maxentius har variert frå ca. 277 og til 287, og dei fleste historikarar daterer Faustasin fødsel til ca. 289 eller 290.Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 34. Barnes daterer Maxentius' fødsel til ca, 283, da Maximianus var i Syria, og Faustas fødsel til 289 eller 290, s. 34. Theodora, kona til Konstantius I Klorus, er ofte blitt kalla for Maximianus si stedotter av antikke kjelder, noko som har fått Otto Seeck og Ernest Stein til å spekulera på om ho var fødd i eit tidlegare ekteskap mellom Eutropia og Afranius Hannibalianus.Aurelius Victor, de Caesaribus 39.25; Eutropius, Breviaria 9.22; Jerome, Chronicle 225g; Epitome de Caesaribus 39.2, 40.12, sitert i Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 33 Barnes har utfordra dette synet og meiner at alle tilvisingar til «stedotter» i kjeldene har avleidd informasjonen si frå eit særskild upåliteleg historieverk, Kaisergeschichte, eit hypotetisk latinsk historieverk frå 300-talet som sidan har gått tapt, medan andre og meir pålitelege kjelder refererer til ho som den ektefødde dottera til Maximianus.Origo Constantini 2; Philostorgius, Historia Ecclesiastica 2.16a, sitert i Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 33. Se også Panegyrici Latini 10(2)11.4. Barnes konkluderer med at Theodora vart fødd ikkje seinare enn ca. 275 av ei tidlegare hustru utan kjend namn, kanskje ei av døtrene til Hannibalianus.Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 33–34.

Utneming til cæsar mini|Maximianus høgre|mini|Diokletian, Maximianus sin' overordna medkeisar i aust. Ved Mediolanum (Milano i Italia) i juli 285Hendelsen har blitt datert til både 21. juli (Barnes (1981): Constantine and Eusebius, s. 6; Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 4; Bowman (2005): «Diocletian and the First Tetrarchy», s. 69) og 25. juli (Potter (2005): The Roman Empire at Bay, s. 280–281). proklamerte Diokletian Maximianus som medherskar, cæsar.Barnes (1981): Constantine and Eusebius, s. 6; Barnes (1982): The New Empire of Diocletian and Constantine, s. 4; Bowman (2005): «Diocletian and the First Tetrarchy», s. 69; Corcoran (2006): «Before Constantine», s. 40; Potter (2005): The Roman Empire at Bay, s. 280–281. Årsakene til denne avgjerda er komplekse. Med konfliktar i nær sagt kvar einaste provins i imperiet, frå Gallia til Syria, frå Egypt til nedre Donau, kan Diokletian ha trengt ein underordna med militær røynsle til å handtera desse vanskane.Barnes (1981): Constantine and Eusebius, s. 6; Rees (2002): Layers of Loyalty in Latin Panegyric, s. 30; Southern (2001): The Roman Empire from Severus to Constantine, s. 136. Historikaren Stephen Williams har føreslått at Diokletian vurderte seg sjølv som ein middelmådig general og trong ein mann som Maximianus med hans særskilde talent til å utføra dei fleste av krigane hans.Williams (1997): Diocletian and the Roman Recovery, s. 45.

For det andre var Diokletian i ei sårbar stilling ettersom han ikkje hadde nokon søner, berre ei dotter, Valeria, som ikkje kunne etterfølgja han. Han var nøydd til å finna ein medherskar utanfor familien sin, og dette måtte vera ein han hadde tillit til.Potter (2005): The Roman Empire at Bay, s. 280; Southern (2001): The Roman Empire from Severus to Constantine, s. 136; Williams (1997): Diocletian and the Roman Recovery, s. 43. Historikaren William Seston har argumentert for at Diocletian, som keisarar utan direkte arvingar før han, adopterte Maximianus som filius Augusti («son av Augustus») ved forfremjinga. Ein del er samde, men historikaren Frank Kolb har uttalt at argumenta for adopsjon er basert på feillesing av papyrustekstar.Bowman (2005): «Diocletian and the First Tetrarchy», s. 69; Odahl, (2004): Constantine and the Christian Empire, s. 42–43; Southern (2001): The Roman Empire from Severus to Constantine, s. 136, 331; Williams (1997): Diocletian and the Roman Recovery, s. 45. Maximianus tok likevel Diokletian sitt nomen (familienamn) Valerius.Bowman (2005): «Diocletian and the First Tetrarchy», s. 69.

Diokletian visste også at det var farleg med ein eineherskar og at det var presedens for delt styre. Til trass for den militære dugleiken deira, hadde det vore enkelt å fjerna begge eneherskarane Aurelianus og Probus frå makta. I kontrast hadde keisar Carus og sønene hans styrt saman berre nokre få år tidlegare, om enn berre ei kort stund. Sjølv den første keisaren Augustus hadde delt makta med kollegaene sine, og meir formelle posisjonar med medkeisarar hadde eksistert frå Marcus Aurelius og framover.Potter (2005): The Roman Empire at Bay, s. 280.Corcoran (2006): «Before Constantine», s. 40.

Eit delt og dualistisk system fungerte augesynleg bra. Rundt 287 var tilhøvet til dei to herskarane definert i religiøse omgrep med Diokletian som tok tittelen Iovius og Maximianus som Herculius.Corcoran (2006): «Before Constantine», s. 40; Liebeschuetz (1979): Continuity and Change in Roman Religion, s. 235–252, 240–243; Odahl, (2004): Constantine and the Christian Empire, s. 43–44; Rees (2002): Layers of Loyalty in Latin Panegyric, s. 32–33. Titlane var fylt med symbolisme: Diokletian-Jove hadde den dominerande rolla ved å planleggja og avgjera medan Maximianus-Hercules hadde helten si rolle av å utføra oppgåvene.Barnes (1981): Constantine and Eusebius, s. 11–12; Corcoran (2006): «Before Constantine», s. 40; Odahl, (2004): Constantine and the Christian Empire, s.43; Rees (2002): Layers of Loyalty in Latin Panegyric, s. 32–33, 39, 42–52; Southern (2001): The Roman Empire from Severus to Constantine, s. 136–37; Williams (1997): Diocletian and the Roman Recovery, s. 58–59. Til trass for symbolismen var keisarane ikkje framstilt som gudar i den keisarlege kulten (berre avdøde keisarar kunne bli guddommeleggjorde). I staden blei dei instrumenta til gudane, og utførte viljen til gudane på jorda.Barnes (1981): Constantine and Eusebius, s. 11. Straks rituala var over blei Maximianus gjeven kontrollen over regjeringa i vest og blei send til Gallia for å kjempa mot opprørarar kjent som bagaudæ medan Diokletian reiste austover.Barnes (1981): Constantine and Eusebius, s. 6; Southern (2001): The Roman Empire from Severus to Constantine, s.137; Williams (1997): Diocletian and the Roman Recovery, s. 45–46.

Krigføring i Gallia og Germania