Fortnum & Mason, på folkemunne ofte berre kalla Fortnum's, er eit stormagasin som sel luksusvarer i Piccadilly i London. Det har også avdelingar på St Pancras jernbanestasjon og Heathrow lufthamn. Selskapet har hovudkvarter i 181 Piccadilly, der det blei grunnlagd i 1707 av William Fortnum og Hugh Mason. Eigarane i dag er Wittington Investments Ltd.
Føretaket blei grunnlagd som ein daglegvarehandel, og bygde eit rykte for å selja kvalitetsmat. Det voks raskt i løpet av viktoriatida. Sjølv om Fortnum's utvikla seg til eit stormagasin med mange ulike varer, har det fortsett å fokusera på å selja ei stor mengd eksotiske matvarer, spesialitetar og «vanlege» varer.
I tillegg til sal av mat, klede og andre varer, har magasinet også fleire kafear og restaurantar.
Historie
William Fortnum var tenar - footman - i hushaldet til dronning Anne av Storbritannia. Kongefamilien insisterte på å bruka nye vokslys kvar kveld, og dette førte til store mengder halvbrukt voks som Fortnum selde vidare og tente gode pengar på. Fortnum dreiv også daglegvarehandel på sida. Han overtalte huseigaren sin, Hugh Mason, til å gå i kompaniskap, og saman grunnla dei den første Fortnum & Mason-butikken i den vesle butikken til Mason i St James's Market i 1707.
I 1761 gjekk William Fortnum sitt barnebarn Charles inn i teneste for dronning Charlotte, og tilknytinga til det hoffet førte til ein auke i omsetjinga for Fortnum & Mason. Føretaket hevdar å ha funne opp den berbare matretten scotch egg i 1738. Butikken byrja å selja spesialitetar, hovudsakleg klargjorte luksusmatrettar som fersk fugl eller vilt i aspikk.
mini|venstre|Frukt- og blomeutsalet i Fortnum and Mason
Under Napoleonskrigane sende føretaket tørka frukt, krydder og sylta mat til britiske offisera, og i viktoriatida fekk det ofte i oppdrag å senda mat til ærefulle hendingar ved hoffet. Dronning Victoria sende til og med konsentrert beef tea (buljong) frå Fortnum & Mason's til Florence Nightingale sine sjukehus under Krimkrigen.
mini|portrett|Hovudtrappa inne i Fortnum & Mason
I 1886 kjøpte Fortnum & Mason heile behaldninga på fem kassar av eit nytt produkt frå H.J. Heinz, og blei dermed den første forretningen i Storbritannia til å selja den etterkvart svært så populære hermetikkvara baked beans.
mini|venstre|Klokka på hovudfasaden
I april 1951 kjøpte den canadiske forretningsmannen W. Garfield Weston forretningen og blei ny styreleiar gjennom eit styrekupp. I 1964 fekk han sett opp ei klokke på fire tonn til ære for grunnleggjarane av butikken ved hovudinngangen. Kvar time kjem modellar på av William Fortnum og Hugh Mason ut frå klokka og bukkar for kvarandre, med klassisk musikk i bakgrunnen. Etter at Garfield Weston døydde i 1978 tok barnebarna hans Jana Khayat og Kate Weston Hobhouse over drifta. Administrerande direktør er Ewan Venters.
Fortnum & Mason Food and Drink Awards Fortnum & Mason deler ut årlege prisar knytte til næringsmiddelindustrien. Prisane viser merksemd til forfattarar, forlag, mediafolk og andre som arbeider med mat og drikke. Nokre av vinnarane er Nadiya Hussain, Nigel Slater og Jay Rayner.
Sjå òg Harrods Jenners
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fortnum & Mason» frå , den 22. juli 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1707 Kategori:Butikkar i London Kategori:Luksusmerke Kategori:Byggverk i City of Westminster Kategori:Britiske føretak Kategori:British Royal Warrant Kategori:Turistmål i City of Westminster Kategori:Stormagasin i Storbritannia Kategori:Næringsmiddelforhandlarar i Storbritannia Kategori:Fortnum & Mason